Heim Nyhende Suksess med nyrenovert bibliotek i Årdal

Suksess med nyrenovert bibliotek i Årdal

I fjor hadde Årdal bibliotek over 40.000 besøkande. Det er rundt 10.000 meir enn dei pleidde å ha før dei renoverte biblioteklokala.

Det bur rundt 5600 menneske i Årdal kommune. 2000 av desse er aktive brukarar av biblioteket, kan biblioteksjef Gry Hatlelid fortelje.

– Det betyr at vi hadde sju besøk per innbyggjar i fjor. Vi synest det er veldig kjekt at vi blir mykje brukt, men det er alltid plass til fleire, seier Hatlelid til lnk.no.

Det nyrenoverte biblioteket blei opna i november 2009 etter å ha vore stengt i eit halvt år under renoveringa. Biblioteket ligg i andre etasje i eit lite handlesenter.

– Vi ligg på same plass, men renoveringa har likevel hatt ein god effekt. Vi har prøvd å få til ei meir moderne og triveleg innreiing som gjer biblioteket vårt til både ein møteplass og ein stad å søkje informasjon, slår biblioteksjefen fast.

Dei har mellom anna laga til eit eige familieområde inne i biblioteket.

– Etter at vi fekk dette familieområdet og nå når vi endeleg har fått heis, så merkar vi ei auke i besøket frå barnefamilier, fortel Haukelid.

Vi har tidlegare skrive her på lnk.no at talet på brukarar av biblioteket har auka dei siste åra.

Årdal kommune fortel på sine nettsider om nokre av fakta om dei norske biblioteka. Vi siterer dei under:

 

1 lånekort gir lånerett i alle bibliotek – du kan låne i Lindesnes og levere i Vadsø.

784 folkebibliotekavdelingar i landet gir tilgang til 218 613 301 titlar frå bibliotek over heile verda.

53 000 bøker blir lånt ut kvar dag på norske folkebibliotek.

428 752 besøkjer folkebiblioteka kvar veke. Kvar serierunde i Tippeligaen har 71 728 tilskodarar.

1 041 721 cd’ar med musikk blir lånt ut årleg på biblioteka. Rikskonsertane har 1,3 millionar publikummarar pr. år. 12.000 000 ser kvart år på film lånt på biblioteket. Det er det same som kinobesøk totalt i Noreg på eitt år.

67 024 låner språkkurs på biblioteket kvart år. Årleg tar 15 648 språkkurs hos studieforbund.

1 410 535 kunstbøker blir lånt ut kvart år på biblioteket. Kunstmusea i Noreg har eit samla besøk på 1 357 168. 328 442 deltar på litteraturarrangement på biblioteket kvart år.

93% av 10-11-åringar har besøkt biblioteket det siste året.

97% av befolkninga har i løpet av livet besøkt biblioteket.

100% av biblioteka tilbyr gratis Internett.

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

– No er vi klare for Festspela!

– Vi gler oss til å ta imot gjestar i alle aldrar til ein levande og samlande festival, seier festspelsjef og konstituert arenaleiar Ida...

Fråsegn frå landstinget til LNK: – Kommunane må få dekkja kostnadene til språkdelte klassar

Landstinget til LNK kjem med klart krav til at kommunane må få dekkja dei kostnadene dei har til språkdelte klassar i ungdomsskulen. Etter den nye...

Landstinget til Nynorskkommunane: – Krev demokratisk kontroll over språket

Stavekontrollane til dei store selskapa Google, Microsoft og Apple er så dårlege at dei hindrar elevar i å læra korrekt norsk, og undergrev den...

Tale til landstinget: – Det er ikkje noko mindre enn ein skandale

Under her kan du lesa talen som statssekretær Trude Storheim i Kultur- og likestillingsdepartementet heldt på landstinget til LNK i Øygarden 3. juni. Det er...