Heim Nyhende KS-utspel gjer lærarane glade

KS-utspel gjer lærarane glade

Nye signal frå KS om lærararbeidstid gir Utdanningsforbundet auka tru på at partane kan komme fram til ein arbeidstidsavtale.

I eit intervju med Kommunal Rapport slår forhandlingsleiar Per Kristian Sundnes for arbeidsgivarorganisasjonen KS fast at ein sentral avtale om undervisningstimar vil fortsette å eksistere.

KS kravde opphavleg at alle reglar som set grenser for kor mange timar lærarane skal undervise, skal fjernast. No er lærarane likevel sikra ei viss tid til førebuingar og etterarbeid, ifølgje Utdanningsforbundet.

– Det er positivt at KS rører på seg og viser ny forhandlingsvilje. Dette er eit godt utgangspunkt for dei kommande forhandlingane, seier Utdanningsforbundets leiar Ragnhild Lied.

Ho seier forhandlingsutvalet no ser moglegheita for å nå fram til ei løysing for å sikre ein god skule, som større enn tidlegare.

– For oss er prinsippet om ein sentral avtale som sikrar at lærarane har tid til å førebu undervisninga og følgje opp elevane, viktig, seier Lied.

KS kjem også til å droppe kravet om at arbeidsåret for lærarane blir strekt frå 39 veker til 45 veker, slik det er i dag. Dette var eit forhandlingsutspel, understrekar både Sundnes og styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen.

Per Kristian Sundnes trur no at sannsynet for at det ikkje blir streik, og at partane kjem til semje hos meklaren, er på om lag 70 prosent. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...