Heim Nyhende Kunstgåve blei til kunstsenter

Kunstgåve blei til kunstsenter

I helga skal Lærdal kommune feire det nye Sogn Kunstsenter i tre dagar til ende. Senteret har blitt til i eit spleiselag mellom Lærdal kommune, Norsk kulturråd, Sogn og Fjordane fylkeskommune og ei rekkje private selskap og einskildpersonar.

Under opningsfesten kan dei besøkande oppleve den fargesprakande utstillinga ”Figurer og fortellinger – norsk samtidskunst fra Astrup Fearnely Samlingen”, som presenterer kunstverk laga av 30 av dei mest markante kunstnarane dei siste 40 åra. Det er kommunalminister Liv Signe Navarsete som skal stå for den offisielle opninga av kunstsenteret.

I tillegg til kunstutstillinga blir det også konsertar, film, teaterframsyningar, trøbilkonkurranse og mykje meir som skal føregå i Lærdal denne helga.

– Det blir ein storslagen opningsfest, lovar kulturleiar Astrid Myran Aarvik. Ho kan fortelje at det er invitert 60 gjester til festen, men at alle i bygda og regionen også er inviterte til å kome og vere med.

– Dette er noko vi har jobba for og gleda oss til i mange år, og at dagen nå endeleg er komen er flott, strålar kulturleiaren.

Kunstsenter til 30 millionar

31 millionar kroner har det topp morderne kunstsenteret på nesten 2600 kvadratmeter kosta. Kultursenterdelen er bygd på kulturhuset, som stod ferdig i 1995. Norsk Villakssenter har også tilhald i lokala. Det er Musea i Sogn og Fjordane som skal drive Sogn Kunstsenter.

Arbeidet med det nye senteret starta formelt opp i 2004, då Lærdal kommune vedtok å starte eit forprosjekt som skulle greie ut føresetnadene for å etablere eit nytt utstillingslokale for Gjesme-samlinga.

I 1994 fekk kommunen ei kunstgåve på 1.500 kunstverk frå den lokale kunstnaren Hans Gjesme, som levde frå 1904 til 1994. Fram til no har denne samlinga hatt tilhald i Telegrafen i Lærdalsøyri. Desse lokala har ikkje vore tilfredsstillande for utstilling og oppbevaring av Gjesme-samlinga, og dermed blei grunnlaget for det nye Sogn Kunstsenter, som opnar dørene  i helga, lagt.

Tysk firma vann arkitektkonkurransen

Sommaren 2006 innbaud Lærdal kommune til open, internasjonal arkitektkonkurranse. Konkurranseutkasta skulle ta vare på heilskapelege og gode løysingar, og juryen ønskte at Indre Sogn Kunstsenter skulle få ei utforming og ein kvalitet som var teneleg for Gjesmesamlinga, og som skulle fungere som møteplass for fastbuande og tilreisande. Det tyske arkitektkontoret Brethdelacalle, ved arkitektane Simon Breth og Rut de la Calle, vann konkurransen. Det vart levert inn 47 utkast til prosjekt innan tidsfristen.

– Eg håpar Sogn Kunstsenter kjem til å setje Lærdal ytterlegare på kulturkartet og at det forsterkar  tankane våre om å vere ein kulturkommune. Eg håpar også det gjer at lærdølar blir endå meir stolte av bygda si og at reiselivsnæringa i bygda får endå eit bein å stå på, sluttar kulturleiar i Lærdal kommune, Astrid Myran Aarvik.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...