Heim Innspel Det usynlege biblioteket

Det usynlege biblioteket

KOMMENTAR: Folkebiblioteka i Noreg har over 22 millionar besøkande, som kvart år låner over 25 millionar filmar, bøker, plater og anna materiale. Biblioteka tronar òg øvst på alle målingar av offentlege tenester når det gjeld kor nøgde folk er med dei kommunale tenestene. For nokre år sidan vart det slått fast at folkebiblioteket er verdt fire gonger meir enn det kostar. For kvar skattekrone til bibliotek får ein det firedobbelte igjen. Førsteamanuensis Svanhild Aabø ved Høgskulen i Oslo viste i doktorgradsavhandlinga si at biblioteket har verdi både for brukarane og for dei som ikkje sjølv brukar det.

Fleirtalet av dei ho spurde, viste både til eigeninteresse og samfunnsinteresse som motiv for å verdsetje biblioteket; folkebiblioteket blir sett på som eit fellesgode og ein institusjon for alle i kommunen. Folk meiner at biblioteket er viktig for dei sjølv og familien, men verdset òg at andre personar brukar det, at det spreier kultur og kunnskap, tek vare på litteraturarven, og fremjar demokrati og likskap. Korkje alder eller kjønn spelar noka rolle for synet på biblioteket.

Biblioteka er på bakgrunn av den faktiske nytta, populariteten og oppfatninga til folk ei veldig billeg teneste og utgjer rundt ein prosent av dei kommunale utgiftene. Dette talet har halde seg nokså konstant gjennom ei rekkje år. I følgje Kulturrådet si undersøking «Kommunal kultursektor i endring», som kom ut i 2010, har det vore ein sterk vekst i satsinga til kommunane på kultur dei siste åra. Kommunane satsar på kultur som eit ledd i det vi kan kalle den kommunale merkevarebygginga. Kultur er altså eit middel til å synleggjere kommunen, eller setje han på kartet, som einskilde utrykker det. Gjennomslag for denne instrumentelle nytta av kulturmidlane har nok òg medverka til auke i budsjetta dei siste åra.

Det er likevel ikkje alle delar av kulturen som har fått like stor auke dei siste åra. I den grad vi kan snakke om taparar på dei interne kommunale prioriteringslistene, er det folkebiblioteka. Delen deira av det kommunale kulturbudsjettet er redusert frå 20 til 16 prosent frå 2001 til 2008. Vinnaren er sekkeposten «andre kulturformål». Alt anna – med unntak av bibliotekdrifta – held seg stabilt. Støtte til – og arrangering av – festivalar og andre større kulturarrangement er ofte «andre kulturformål». Satsinga på festivalar, større kulturarrangement o.l. har altså gått på kostnad av biblioteka.

Når kommunane ynskjer å bli meir synlege, ser det ut til at dei heller vel å feste bort dei auka budsjettmidla enn å bruke dei på ei permanent styrking av det mest brukte og populære kulturtilbodet. Dette paradokset kan skuldast at biblioteka ofte berre er noko som er der og blir brukt, utan at dei inngår i strategiane til kommunen på andre område. Biblioteka blir rett og slett den «usynlege» verksemda, ikkje fordi dei er dårlege, men fordi dei er gode. Dette kan sjølvsagt ikkje rettast opp med å gjere biblioteka dårlegare, men ved å gjere dei synlege.

Det finst inga forsking som tyder på at festivalsatsing som omdømmebygging fører til auka tilflytting / minka avfolking eller nyetablering i lokalt næringsliv. Fest  gjev kortvarig lukke, og dei fleste dagane er kvardagar. Knut Vareide ved Telemarksforsking seier at ein av dei få tinga som kulturforskarane faktisk har klart å slå fast, er at når det gjeld tilflytting og attraktivitet, så er det er lågterskeltilbod som ser ut å fungere. Når forskinga ikkje klarar å påvise nokon samanheng mellom omdømme og attraktivitet, blir diskusjonen om kva kulturmidla skal brukast på, endå viktigare. Det er altså ikkje markeringane og festivalane som gjer ein stad attraktiv. Det er det tilbod om utdanning, møtestader og arbeidsplassar for folk som har utdanning, som gjer. Ein kommune kan verken byggje universitet eller kaffibarar, dei kan likevel rette innsatsen mot biblioteket sitt og på den måten oppnå ein kinderegg-effekt.

I første omgang handlar det likevel om å gjere folkebiblioteka synlege i det daglege. Mange bibliotek ser ut til å mangle dei mest elementære elementa for å bli synlege, til dømes skilting utandørs og presentasjon på dei kommunale nettsidene. I kommunar der alt er skilta og alt frå industriområde til lokale attraksjonar har eigne skilt, så finst det ofte ikkje eigne skilt som viser vegen til biblioteket. På einskilde kommunale nettsider må ein klikke seg forbi både «tenester» og «kultur og fritid» for å finne biblioteket. Kommunane kan ikkje vere tente med at den mest brukte og populære kommunale tenesta blir gjord usynleg. Synlege bibliotek både fysisk og på nett vil understreke kva rolle biblioteket faktisk spelar i lokalsamfunnet.

Folkebiblioteka blir brukte dagleg til små og store kulturopplevingar. Skuleelevar, studentar og pensjonistar er på biblioteket for å studere og finne kunnskap. Norske folkebibliotek blir brukte kvar dag av lokale næringsdrivande for at dei skal kunne halde seg oppdaterte. Kvar einaste dag genererer folkebiblioteka i Noreg verdiar for 14 millionar kroner i form av kompetanse, kunnskap og kultur. Biblioteka trengst for at kommunar og lokalsamfunn skal overleve.

Svein Arne Tinnesand er leiar i Norsk Bibliotekforening

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...