Heim Innspel Kunnskapsløyse som kampsak

Kunnskapsløyse som kampsak

Høgre var lenge kjend som «kunnskapspartiet». Partiet har i tiår etter tiår argumentert for kor viktig det er med kunnskap, danning og meir læring i skulen. Men det var altså før populistane i Unge Høyre vaks til. Du hugsar sikkert dei med «La dem raute nynorsk – bare vi slipper», og bokbål med brenning av nynorskordlister som festlege verkemiddel i valkampen. I dag sit fleire av desse bokbrennarane som byrådar …

På sist landsmøte vann denne grupperinga fram, og eit stort fleirtal gjekk inn for at sidemål skal vera valfritt i ungdomsskulen. Elevane skal altså ha rett til å velja vekk den delen av norskfaget dei ikkje likar. Spør du ein trettenåring om han kan tenkja seg å sleppa eit fag, eller ein del av eit fag, er det ikkje overraskande om svaret er ja. «Kunnskapspartiet» Høgre ønskjer altså å flytta ein del av ansvaret for kulturpolitikken her til lands frå Kulturdepartementet og over til tretten år gamle elevar. Samstundes argumenterer partiet med sterkare satsing på teoretiske fag, opplæring i framandspråk frå første klasse (!), betre lærarar og strengare krav til orden og disiplin. Berre ikkje når det gjeld nynorsk. For som Linda Hofstad Helleland sa det: Nokre elevar «slit med grammatikk og sidemålsstilar». Avisa Hallingdølen kommenterer lakonisk at «dersom graden av ’slit’ skal styre Høgres framtidige skulepolitikk, kan det bli snautt med fag i grunnskulen.» Dersom elevar slit i eit fag, er det ikkje då mest naturleg å styrkja lærarkompetansen og innsatsen i det faget?

Vedtaket rokkar ved eit 125 år gammalt prinsipp om at me har to likestilte skriftformer her til lands, og at språket norsk er det same som nynorsk og bokmål – til saman. Kanskje det er på tide å leita fram store ord som kulturarv og nasjonsbygging?

Sidemål er sjølvsagt eit håplaust omgrep når me snakkar om to likestilte språkformer. For Unge Høyre er sidemål det same som nynorsk. For Unge Høgre og for elevar i medlemskommunane i LNK er sidemålet bokmål. Dei mest ressurssterke elevane i begge leirar vil kanskje velja å halda på heile norskfaget, men storparten vil truleg velja vekk ei språkform – rett og slett av di dei kan. Det er ikkje vanskeleg å sjå for seg at sjølv gode nynorskforeldre vil rå ungane til i alle fall å læra seg majoritetsspråket, slik at dei ikkje vert utestengd frå store delar av arbeidsmarknaden, når så langt kjem. Særleg når dei ser kva haldningar delar av det politiske miljøet har til nynorsk.

Høgreleiar Erna Solberg opna i dagane før landsmøtet for at forslaget kunne koma opp, men både ho og nestleiar Jan Tore Sanner røysta mot. Andre sentrale partimedlemer har gått aktivt ut mot vedtaket. Sentralstyremedlem Arne Hjeltnes, ordførar i Stord, Liv Kari Eskeland, fylkesordførarkandidat Norval Distad i Sogn og Fjordane, og leiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre, Embla Belsvik seier alle at dei vil kjempa vidare mot vedtaket.

I svært mange aviser er resolusjonen blitt latterleggjort. Leiarskribenten i Hallingdølen seier det slik: «Vedtaket vitnar om kunnskapsløyse. […] Dette er utilsløra frieri til unge nynorskhatarar i urbane strok. Valfritt sidemål i ungdomsskulen skal bli vinnarsaka i kampen om førstegongsveljarane.»

Eg er redd for at Hallingdølen har rett, men eg håpar gode, verdikonservative krefter i Høgre klarar å bevisa at eg tek feil.

Førre artikkelDet usynlege biblioteket
Neste artikkelVakne!

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Velkommen til landstinget til LNK! Meld deg på her!

Kulturminister Lubna Jaffery (Ap) og kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp) kjem saman med ei rekkje andre innleiarar til landstinget til LNK 3.-4. juni...

Digitalt nynorskseminar for folkevalde i kommunane

Alt du treng å vita om nynorsk i kommunepolitikken på 45 minutt!  Kva kan du som kommunestyrerepresentant gjere for nynorsken i kommunen din? Me inviterer...