Sogn og Fjordane går kvart år glipp av fleire millionar i spelemidlar på grunn av for svake søknadar.
Fylkeskommunen, kommunane og lag og organisasjonar vil endre dette, og måndag heldt fylkeskommunen kurs i søknadsskriving i Førde. Seinare i mai vert det tilsvarande kurs på Eid og i Sogndal.
Spelemidlane er overskotet frå Norsk Tipping. Dei skal gå til å etablere anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv i heile landet. Iveren og dugnadsånda i Sogn og Fjordane er stor, men svake søknadar gjer at vi likevel går glipp av millionar.
Fylkeskommunen hadde utifrå endring i tippenøkkelen rekna ut at fylket burde fått opp mot 35 millionar i tippemidlar i år. Likevel enda vi opp med berre 28 millionar – mot 30 i fjor.
Vil hjelpe søkjarar gjennom prosessen
– Vi har i realiteten «tapt» fleire millionar kroner på svake søknadar. Summen burde ha auka i takt med auke i nasjonale løyvingar frå fjor til i år, men det skjedde dessverre ikkje. I år har vi godkjent berre 70 prosent av dei 200 søknadane som kom inn. Vi må betre søknadane, noko som vil styrke total tildeling til fylket, seier rådgjevar for fysisk aktivitet i fylkeskommunen, Atle Skrede, i ei pressemelding.
Fylkeskommunen ønskjer med kursa å informere søkjarar om tilskotssummar til ulike anlegg, og kome med idear til nye anlegg som legg til rette for meir fysisk aktivitet for alle. Difor tilbyr vi no kurs tre stadar i fylket. Kursa er på vårparten, for at søkjarane skal ha god nok tid til å skaffe til vege tilstrekkeleg informasjon innan søknadsfristen 15. januar. Fylkeskommunen planlegg også oppfølgingskurs til hausten.
Det er Kulturdepartementet som tildeler spelemidlane, men fylkeskommunen går gjennom og godkjenner søknadane etter nasjonale krav og retningsliner. Tildelinga vert styrt etter anleggsdekning og folketal i fylket. Godkjend søknadssum gjev likevel størst utslag og er mogleg å rette opp.
Lærte mykje å ta med vidare
Gode anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv er viktige for busetnad og trivsel i Sogn og Fjordane. Dei skaper gode oppvekstmiljø og kan vere med og auke folketalet. Og spelemidlane er ei av fleire viktige finansieringskjelder. Det har mange kommunar, lag og organisasjonar skjønt.
På søknadskurset i Førde 19. mai deltok 22 personar frå ulike stadar og organisasjonar. Blant dei var Ida Ravnøy Fretland i Våge grendalag i Fjaler. Laget planlegg å få bygd på Våge skule med eit trimrom og eit musikkrom. Planlegginga er i startgropa, og Fretland er glad for at ho tok turen til Førde på kurs.
– Eg las at grendalag var oppmoda om å delta, og tenkte at då får vi gjere det – kanskje det kunne vere noko å hente. Og det var det, vi lærte mykje nytt som vi tek med oss vidare i prosessen, særleg det at det er viktig å vere føre var, og passe på at alt er i orden før vi sender frå oss noko søknad, seier ho.
Plass til fleire på kurs på Eid og i Sogndal
Fretland meiner fleire burde delteke på kurset og oppmodar både lag og organisasjonar om å nytte sjansen ved neste høve.
– Eg tenkjer at til dømes alle idrettslag burde delta på dette. Eg trur dei kan ha veldig mykje å hente, seier ho.
Neste sjanse til å delta på kurs i søknadsskriving er på Eid 26. mai og i Sogndal 27. mai – og kommunar, lag og organisasjonar kan delta der dei ønskjer. Atle Skrede i fylkeskommunen lovar at alle som ønskjer, får plass på kurs.
– Så langt har vi til saman ca. 20 påmelde på desse to kursa, og vi vil gjerne ha med mange, mange fleire. Her er det pengar å hente til gode formål. Vi må arbeide ilag for å få meir pengar til anlegg som klatreparkar, bocciabaner og treningsapparat utandørs. Slik kan vi gjere ein stor innsats for folkehelsa i fylket, seier Atle Skrede.