Heim Nyhende Lagar film om mastestriden i Hardanger

Lagar film om mastestriden i Hardanger

– Eg synest ikkje det har kome godt nok fram kva mastestriden i Hardanger eigentleg handlar om, seier filmregissør Vigdis Nielsen. No lagar ho film om den omdiskuterte kraftutbygginga.

– Det blir ein personleg og kritisk film som handlar om demokrati og naturforvalting, seier Nielsen, som opphavleg kjem frå Ulvik, til Nynorsk pressekontor.

Ho er tilknytt filmselskapet Phantom Film i Stavanger og har tidlegare laga fleire prislønte filmar, mellom anna ein dokumentarfilm om sambygdingen Olav H. Hauge.

Tek pulsen på Hardanger

Sidan i fjor haust har ho arbeidd med å dokumentera striden om kraftmastene. I desse dagar er filmteamet hennar i Hardanger for å høyra korleis folk i lokalmiljøet reagerer på vedtaket til regjeringa.

– Folk er opprørte. Mange har arbeidd mot mastene i seks år både gjennom grunneigarlag og andre interesseorganisasjonar. I sommar fekk folk i Hardanger full støtte, men no verkar det som om folk ikkje lenger bry seg meir om Hardanger, seier Nielsen opprørt.

– Eit politisk spel

Ho meiner det er mykje som ikkje har kome fram i saka og opplever at ho får fleire spørsmål enn svar dess meir ho set seg inn i saka.

– Det kan verka som om det heile er eit energipolitisk spel, seier ho.

Nielsen meiner til dømes at det er mykje som ikkje samsvarar mellom dei vedtaka som er fatta og prosessane som førte fram til vedtaket.

– Lokaldemokratiet er til dømes sett totalt til side, hevdar Nielsen.

Vil stilla spørsmål

Med filmen ønskjer ho både å stilla spørsmål ved norsk energipolitikk og om lokaldemokratiet har utspelt si rolle.

– Det store spørsmålet for meg er om me må øydeleggja Noreg for å redda verda, seier Nielsen som er oppteken av å få folk til å tenkja over om naturen har ein eigen verdi.

Ho synest også det er litt provoserande når omsynet til turistane blir viktigare enn omsynet til dei fastbuande.

– Det vart hevda at turistane ikkje kjem til å sjå mastene frå fjorden, men naturen har også ein verdi for folk som bur i Hardanger. Fleire fjordarmar og svært mange stølar i alle kommunane blir berørte.

Nielsen veit ikkje når filmen kjem til å bli ferdig.

– Me vil følgja prosessen vidare. Dersom mastene blir bygde, kva konsekvensar vil det få for dei berørte bygdene? Det kan ta tid, men eg meiner det er ein viktig film å laga, seier Vigdis Nielsen. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...