Heim Nyhende Lagar reservat for bygdedyret

Lagar reservat for bygdedyret

No skal bygdedyret få pensjonere seg, i alle fall i Hjelmås. Viss humørbonde Geir Styve får det som han vil, opnar landets truleg første innhegning for bygdedyr i mai.

– Eg har søkt kommunen om å få bygge eit reservat kor bygdedyret kan trekkje seg tilbake, fortel Styve. Bakgrunnen er at heimbygda hans, Hjelmås, har etablert seg som 5915 Humørbygda. Og med humørbygd, humørturløyper og humørfestival i bygda, kor blir det då plass til bygdedyret, funderer Styve.

Han har no søkt Lindås kommune om å få bruke 50m2 jord til dette reservatet, og saka er kome inn i kommuneplanen som er på høyring i desse dagar. Så stor har den kommunale velviljen vore at Styve har fått tildelt dobbelt så mykje jord som han bad om. Det har vore ei grundig konsekvensutgreiing undervegs, og på plankartet blir no reservatet merka som kulturminne.

– Vi håper at reservatet skal bli eit minne om bygdedyret som ein gong fanst, seier Styve.

Han er overtydd om at bygdedyret framleis lever blant oss, meir enn 50 år etter at diktaren Tor Jonsson gav Janteloven ei kledning i form av eit «bygdedyr».  Poenget med reservatet blir å gjere folk bevisste på bygdedyrets vesen og gjerne ta avstand frå både det og Janteloven.

– Vi skal ha sutrebenk, protestmateriell og ein miniatyrsytebane, fortel Styve om planane framover.  – Ferdige plakatar som folk kan ta til viss dei vil, kor det kanskje står «Pøh», «Det går aldri» eller kanskje «Ordføraren er dum». Kanskje greier vi å finne oss eit naturtalent av ein sytebas til sytebanen.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...