Heim Nyhende Langåker til Ung til sinns

Langåker til Ung til sinns

Svein Olav Langåker (32) er tilsett som prosjektleiar i Ung til sinns – på nett.

– Dette er eit veldig spanande prosjekt som eg er glad eg har fått sjansen til å jobbe med, seier Svein Olav Langåker som i dag er nettansvarleg i Sunnhordland. Han tiltrer jobben som prosjektleiar i Ung til sinns – på nett innan 1. mars neste år. 

Langåker legg vekt på at ABC Startsida er ein stor og tung aktør på nett som truleg kan gi den nye nettavisa ekstra trafikk. I tillegg meiner han arbeidsfeltet nynorsk og ungdom er veldig spanande, og myke av grunnen til at han søkte jobben. I tillegg til at han har ei stor interesse for utviklinga innan digitale medier.  

Den planlagde nettavisa Ung til sinns – på nett skal sikre at nynorskbrukarar får eit betre tilbod på internett, og vil ha hovudvekt på regionale nyhendesaker og kulturstoff for og av ungdom. Meininga er at stoffet skal treffe ungdommen på deira premissar. Nettavisa er eit planlagt samarbeid mellom LNK, Nasjonalt Garborgsenter (Jærmuseet), nettidsskrifta Magasinett og Pirion, ABC Startsiden og Kulturdepartementet. Dessutan skal ti norske aviser levere journalistisk stoff til satsinga.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Nynorsk teaterjubel i raudgrøn budsjettsemje

– Alle som er glade i nynorsk scenekunst, kan sende ein varm tanke og ei hjarteleg takk til Audun Lysbakken og SV. Det seier leiar...

Ny lærebok vil vise at nynorskopplæring er moderne

Lærarstudentar og norsklærarar som strevar med nynorsk får gjennom ei ny bok høve til å styrkje nynorskkompetansen sin. – Boka er sett saman av ulike...

Vel nynorsk for barnet ditt!

Er du ein av dei mange tusen føresette som veit at dette er siste året i barnehage, og neste haust er det skulestart? Kanskje...

Det nynorske næringslivet foreinar kreftene

Den nye medlemsorganisasjonen Nynorsk bedriftsforum skal vere eit landsdekkande nettverk av og for nynorskbedrifter. Målet er å betre dei språklege arbeidsvilkåra for nynorskbedriftene, slik...