Heim Nyhende Lesarrekord for Framtida.no

Lesarrekord for Framtida.no

Aldri før har så mange lese den nynorske nettavisa for unge som i 2013.

 

 

I løpet av året har over 300.000 unike brukarar vore innom nyhende- og debattavisa for unge. Det er ein auke på over 50 prosent samanlikna med året før. Talet på daglege og vekentlege brukarar har også auka. På ei vanleg veke i haust har det vore mellom 8-10.000 unike brukarar på Framtida.no.

I løpet av året har Framtida.no sett fleire nye dags- og vekerekordar. I oktober sette Framtida.no ein rekord som blir vanskeleg å slå. Då var nær 50.000 unike brukarar innom på ei veke.

Framtida.no la denne veka fram den redaksjonelle rapporten sin for 2013. Den viser at Framtida.no har blitt omtalt 78 gonger i løpet av året i papiraviser, seks fleire enn året før. I løpet av dei tre år og fire månadane nettavisa har vore i drift, har avisa publisert 6000 artiklar. I samarbeid med Startsida.no har Framtida.no mål om å vera eit lokomotiv for nynorsk på nett, og arbeider for å nå ut til endå fleire lesarar med nynorsk innhald. Framtida.no samarbeider totalt med 20 lokalaviser og ei rekkje andre nettstader.

– I 2014 vil me markera Grunnlovsjubileet med å skriva om demokratiet vårt, og sjå på korleis dette kan bli utvida ytterlegare. Me vil også halda fram med leselystprosjektet vårt, og skriva endå meir om nynorsk litteratur. Me vil i tillegg halda fram med å invitera til debatt, seier redaktør Svein Olav B. Langåker.

Framtida.no har også planar om å spreia nyhenda sine endå meir og gjera det lettare å lesa avisa på mobil og nye plattformer.

Sjå den redaksjonelle rapporten her!

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...