Heim Nyhende Inviterer kulturministeren til språkmøte

Inviterer kulturministeren til språkmøte

Fylkesordføraren i Sogn og Fjordane inviterer kulturministeren til bli kjend-dag i nynorskfylket.

 

 

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes har invitert kulturminister Thorhild Widvey til Sogn og Fjordane for eit språkpolitisk møte. Slik ønskjer Kjelsnes at statsråden skal verte kjend med nynorskfylket framfor noko.

Invitasjonen til kulturministeren vart sendt 6. januar, og fylkesordføraren håpar å få til eit besøk og møte i tidsrommet februar–april 2014.

Sogn og Fjordane fylkeskommune arbeider aktivt med nynorsk og tek utviklinga til det nynorske skriftspråket på alvor. Fylkestinget vedtok i 2012 ei språkpolitisk satsing, og fylkeskommunen har teke initiativ til å etablere eit nynorsk forum i Sogn og Fjordane.

Inspirasjon til vidare arbeid
– Vi ønskjer at statsråden si vitjing kan vere til inspirasjon i det vidare arbeidet med å styrkje, synleggjere og drøfte stoda for det nynorske skriftspråket og styrke nynorsken sin posisjon, skriv fylkesordføraren i invitasjonen.

Kjelsnes skisserer også eit mogleg program for vitjinga til statsråden. Samarbeidspartane i nynorsk forum vil delta som innleiarar eller deltakarar. Det betyr at kulturministeren vil få eit allsidig møte med mange sider av nynorskfylket Sogn og Fjordane. I det førebelse programmet finn vi representantar for alt frå næringslivet og media til Sogn og Fjordane teater, forlaga Skald og Selja, i tillegg til fleire språkforskarar.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...