Mange elevar kjenner seg stae og plagsomme når dei heile tida må mase for å få læremiddel på nynorsk, forklara ungdomsskule-elev til utdanningsminister Kristin Halvorsen (SV) under “Kristins time” sist fredag.
Tolv skuleelvar var inviterte til statsrådens kontor for å gje innspel på både faglege og praktiske utfordringar i skuleverket. Elevane frå Sogndal, Leikanger, Kristiansund, Meldal, Trondheim og Inderøy diskuterte nynorsk, og Olav Sørheim fra Sogn ungdomsskule fortalde at også vidaregåande elevar møter motstand når dei bed om nynorsk læremiddel. Ein jusstudent skal mellom anna ha blitt fortald at nynorske læremiddel ville bli dyrt. “Er det verkeleg så viktig”, blei han spurd, ifølgje Olav Sørheim.
Somme av elevane i Kristins time meinte det var viktig å starte tidleg med nynorskundervisning, medan andre helst ville sleppe nynorsken heilt.
Les heile saka på Utdanningsnytt.