Heim Nyhende Mistar fotfestet

Mistar fotfestet

Det blir ikkje lenger argumentert nasjonalt for nynorsken, og nynorskrørsla har dermed gitt frå seg eit av sine beste argument. Det meiner historieprofessor Øystein Rian ved Universitetet i Oslo.

Øystein Rian– Nynorsken vart tidlegare oppfatta som viktig i arbeidet for den norske nasjonen. Slik er det ikkje no lenger, og det kan til ein viss grad forklare kvifor nynorsken ikkje står så sterkt i storbyane lenger. Rian samanliknar situasjonen med korleis samane har greidd å bevare forståinga for den samiske kulturen.

– Samanlikninga er gjerne sett på spissen, men likevel trur eg det er rett å seia at viss ikkje samane hadde argumentert for at dei hadde ein eigen nasjonal kultur, ville truleg samisk språk no vore på veg ut.

Står svakt

Tal frå Grunnskulens informasjonssystem (GSI) syner at talet på nynorskelevar har gått dramatisk tilbake dei siste åra. I Stavanger var det 438 elevar som hadde nynorsk som hovudmål i skuleåret 1999- 2000. I 2009-2010 var talet nede i 36.

At nynorsken står svakt i storbyane, er historisk sett eit gammalt fenomen, seier historieprofessoren. Etter dei nynorske glansåra rundt førre hundreårsskifte og opp mot andre verdskrig, kor nesten kvar tredje skuleelev hadde nynorsk som opplæringsmål, har nynorsken gått tilbake så vel i byen som på bygda.

Stigmatiserande

– Somme intellektuelle i byane brukte nynorsk i tiåra rundt 1900, men bortsett frå det hadde målet naturleg nok størst forankring i dialektane på bygdene, forklarar Rian. I denne tida budde dei fleste nordmennene i bygder, og dei store byane hadde ikkje det folketalsmessige overtaket dei har i dag. Den store tilflyttinga til byane, og då spesielt Oslo, har svekt nynorsken, seier han.

– Samtidig veit vi at førstegenerasjons-tilflyttarar i dag held betre på dialekten sin enn dei gjorde tidlegare, då dialektbruk kunne verke stigmatiserande, seier historikaren.

– Men likevel har nok bokmålet hatt snobbefaktoren på si side. Historisk sett har dansk-norsk, og seinare bokmål, vore eit overklassespråk, og dermed har det umedvete blitt oppfatta som eit finare språk.

Det er òg eit poeng, meiner Rian, at det nynorske språket ikkje er så godt utvikla med tanke på å kunne brukast innafor fleire spesialfelt i samfunnet.

– Men eg set personleg stor pris på alle dei gode nynorskorda, og eg tykkjer at nynorsk er eit vakrare språk enn bokmål, endå eg sjølv brukar bokmål i skrift og tale, seier professoren.

Du kan lese meir om nynorsk i byane i LNK-avisa som kjem denne veka.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...