– Vi er letta over at vi no får det statstilskotet vi treng for å lage basisutstilling i Olav H.Haugesenteret i Ulvik, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.
– Vi takkar Venstre for at dei prioriterte denne saka, og regjeringspartia for at dei snudde i tide. No blir det eit samrøystes vedtak i Stortinget, og dermed står Hauge-senteret sterkare enn nokon gong, seier Grepstad.
Grepstad takkar også dei mange som engasjerte seg i saka via sosiale medium og på
andre måtar.
– Saka har gjort fleire merksame på Hauge-senteret og gjort det viktigare for mange.
Politisk prioritering på høgt nivå
Det vekte oppsikt då det for ei veke sidan blei kjent at regjeringa Solberg sa nei til å løyve 1,5 millioner kroner til basisutstilling i Hauge- senteret. Etter planen skal dette dokumentasjons – og opplevingssenteret om Olav H. Hauge og lyrikk i mange former opne i mai 2014.
Regjeringa Stoltenberg ville løyve midlane , men etterfølgjarane strauk summen.
– Vi har bygt opp Hauge-senteret nøkternt og systematisk med offentlege og private midlar sidan 2011. Å stoppe eit slikt prosjekt seks månader før opning verka for mange både småleg og openlyst urimeleg, seier Ottar Grepstad.
– Langt inn i Høgre-gruppa i Stortinget var det etter kvart vanskeleg å finne nokon som meinte dette var dette budsjettkuttet var god kulturpolitikk og fornuftig bruk av offentlege midlar.
I budsjettforhandlingane med regjeringspartia kravde Venstre løyving til Hauge-senteret.
– Det vil merkast langt utanfor kulturlivet at ei slik kultursak blei drøfta på linje med miljø, tog, asfalt og skatt . Det er ei politisk prioritering på høgt nivå som stiller større krav til den vidare kulturpolitikken frå regjeringa Solberg, seier direktør Ottar Grepstad.
Basisutstillinga er i arbeid
Ei utstillingsgruppe med brei nasjonal deltaking har arbeidd med utstillingsplanen sidan 2011. Tidlegare i haust lyste Nynorsk kultursentrum ut offentleg anbod for basisutstillinga i Hauge-senteret, under føresetnad av at prosjektet blir fullfinansiert. Svært mange utstillingsprodusentar i inn-og utland har meldt si interesse. Fristen for anbod er 21. november. Hauge-senteret held til i det gamle heradshuset i Ulvik. Dette huset har Ulvik herad bygt om til museumsbruk for eigne midlar.
– No kan vi arbeide vidare for å opne Hauge-senteret med eit komplett tilbod i 2014, seier Ottar Grepstad.