Heim Nyhende Lovar å tvitre på nynorsk

Lovar å tvitre på nynorsk

No lovar politiet i Hordaland at dei skal tvitre på nynorsk.

 

– Dei som tvitrar kjem til å gjera så godt dei kan på nynorsk, men inntil fleire vert trygge på å formulera seg rett så kan det verte tvitra litt mindre i ei periode, skri leiar for operativ seksjon ved Hordaland politidistrikt, Gustav Landro, i ei melding til Bergensavisen.  

Ein askøyværing klaga til Språkrådet på at politiet sin operasjonssentral i Hordaland bryt mållova i sosiale medium. Operasjonssentralen har over 16 500 følgjarar.Dei aller fleste meldingane er på bokmål.

Les meir: Må bruke nynorsk

 

– Alle slike små mållovsaker, som Twitter-saken i Hordaland er eit døme på, kan virke små og uviktige kvar for seg. Men folk er avhengige av å sjå  språket sitt over alt for å kunne holde på det, seier leiarr i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, til BA.

Ho viser også til at det er mange brot på mållova, og at nynorskfolket får sjå språket sitt offentleg mykje sjeldnare enn dei har krav på.

– For etatar som virkar innanfor eit fylke er det språket til fleirtalet av kommunane som avgjer. I Hordaland blir det nynorsk, i Agder bokmål trass mange nynorskkommunar. I Noreg tel me ikkje enkeltbrukarar. Kor mange nynorskbrukarar det til dømes bur i Bergen er det ingen som veit. Heller ikkje koor mange bokmålsbrukarar som bur i Kvinnherad, seierTennø.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...