Heim Nyhende Poet for problema

Poet for problema

–  Det er poesi i det problematiske, seier Stein Torleif Bjella.

 

Som ikkje ser nokon grunn til å vere blid. I alle fall ikkje tekstmessig. Og i alle fall ikkje på si tredje soloskive, som avsluttar trilogien han starta for seks år sidan.

Ho har fått den mørkaste tittelen av dei tre –  «Heim for å døy».

–  Det er eit elementært litterært grep å reindyrke ei stemning. Eg skjer rein ein estetikk, særleg fordi eg allereie hadde albumtittelen, seier Bjella.

Dei fire orda sikra han seg i samtale med ein hotellresepsjonist, når han etter førre skive spelte seg gjennom landet og møtte ein som hadde flytta heim til bygda for å ta kvelden der.

Hjarterotter
Det startar faktisk ofte med ein tittel når Bjella skal skrive dei vonde visene sine. Derfor er berre det å lese låtlista talande nok: «Undergang», «Ubrukt liv», «Idiotisk einvegslove», «Separate sinn», «Halde maska», «Mayhem Heime», Modningsangst» og –  ikke minst –  «Rottu i hjarta». Desse rottene bur ifølgje opphavsmannen sjølv i hjartet på innegubben vi møtte på andreskiva, og skildrar den svartaste dagen til innegubben der han tenkjer på kjærleik.

–  Songfigurane mine er utoleleg sjølvopptekne. Her vi bur i det rikaste landet i verda har vi tid til å grunne over mykje.

–  Og det gjer du også?

Han smiler skeivt i det velpleidde skjegget og hevdar han ser komikk i ting som andre synest er heilt svart.

–  Eg prøvar å setje ord på meg sjølv utan å bli privat. Dei ulike karakterane i kvar song forverrar og forbetrar eg der det passar.

–  Ikkje så mykje forbetring vel?

–  Nei, det skjer ikkje så ofte! gliser han.

–  Dramaqueen
Og det er her vi kjem tilbake til det at vanskar og mørke er langt meir interessant enn gladpop og solskin. Det er derfor siste boka som Bjella har lest, er den like muntert titla «Bryllup og begravelser» av Jens M. Johansson.

–  Kva er alternativet? Det eindimensjonale! Gladlaksar er det verste, seier vår mann, som faktisk smiler og ler ganske mykje utan at det viser så godt.

–  Eg er litt Mona Lisa, eg er eigentleg ganske glad på biletet på albumframsida. Det tok eg sjølv med mobilkameraet, seier han om selfien med caps og medgir at han «helst ikkje vil vite» korleis andre oppfattar han.

–  Eg er ei skikkeleg dramaqueen, småhumrar han.

Og skal ein tru låtteksten til «Melodisk sus», så finn ein aldri rette dama om ein er «redd Det Store Drama», og blir i alle fall ingen «følsam poet».

–  Eg lurer på om eg har for mykje tid til å tenkje når eg høyrer på albumet no. Det er einsame figurar eg skriv om, seier Bjella –  som trass i å ha gitt innegubben eit ansikt sjølv er småbarnsfar.

–  Eg meiner eg ikkje er artist heime. Eg var i arbeid til eg var 39, så blei eg musikar, seier han og småsmiler litt når han innser kva han akkurat sa.

–  Men det er ein fantastisk jobb!

–  Forløysing
Første gong Bjella (45) kom til Oslo for å snakke som sin eigen musikk, var i 2009. I islendar, olabukse og tjukk jakke skulle han snakke inn «Heidersmenn» til pressa –  solocomebacket hans etter å ha prøvd seg i bandet Tolv Volt.

Det gjekk fint, kan ein trygt seie. Han vann både folket og fleire prisar. Sidan har han fått seg dressjakke, medan journalistane like gjerne kjem heim til han på fjellgarden i Øvre Ål for å skildre åstaden for alle bygdekarakterane med eigen penn.

–  Det er ganske skummelt å lese kva som blir skrive. Men eg er blitt hardhuda.

Dei to han stolar på, som han kallar «teamet sitt», er kona –  og produsenten av triologien, Kjartan Kristiansen. Sistnemnde får også æra for nykarrieren.

–  Samarbeidet med han forløyste kul musikk og kule tekster. Eg likar å tru at han gjorde utslaget; eg har tru på menneskeleg match i kunsten –  og at det ikkje er ei sjølvfølgje. Det er fordi eg har Kjartan at eg har klart så mange songar på desse åra. 36 songar på seks år er mykje, er det ikkje?

Det kan det nok trygt seiast å vere –  når tekstene er så sterke og appellen har vore sameleis. Bjella, kalla talsmannen til dei tause mennene av ein eller annan fiffig bloggar, påpeikar at det kjem like mange kvinner som menn på konsertane hans.

–  Enten kjenner jentene seg også igjen, eller så kjem dei for å bli kjent med mannen.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...