Heim Innspel Kommentar: Eit levande, samfunnsberande språk

Kommentar: Eit levande, samfunnsberande språk

For nokre år sidan var eg til stades på ein paneldebatt under Nynorske litteraturdagar i Flåm. I eit ordskifte om nynorsk og bokutgivingar blei det hevda at pensumlitteratur for høgare utdanning var bøker for spesielt interesserte, bøker som ikkje nådde ut til store målgrupper, og bøker det dermed ikkje var så viktig å få ut på nynorsk.

 

Eg må innrømme at eg blei litt sett ut av denne påstanden der og då, og ikkje klarte å ta tilstrekkeleg til motmæle. Og det har irritert meg litt i etterkant, så derfor kjem det no. For ingenting kunne ha vore meir feil.

Det er ei gammal og dessverre temmeleg utbreidd oppfatning at språkleg fornying skjer gjennom skjønnlitteraturen. Slik var det kan hende om vi går eit stykke tilbake i tid, men i dag er faglitteraturen vel så viktig for at språket skal halde tritt med samfunnsutviklinga. For det er det som det handlar om, at språket vårt held tritt med samfunnsutviklinga, at vi har forståelege ord og vendingar som gjer oss i stand til å tenkje og ordleggje oss om det samfunnet vi faktisk lever i.

Og det samfunnet som i dag omgir oss, er i langt større grad enn tidlegare eit informasjons- og kunnskapssamfunn der ord som opphavleg var fagterminologi, inngår i daglegspråket – og må gjere det. Det handlar både om nye enkeltord, som høgsensitiv, noverdi og berekraftig, men også om måtar å uttrykke seg på, måtar å kommunisere på. Og dette er ikkje uvesentleg, for språk er makt, og den som er i stand til å uttrykke seg godt, har også makt.

Det var det prinsipielle, så til det meir praktiske.

Forsking og høgare utdanning kan kanskje verke smalt, men i dag tek ein stor del unge utdanning utover vidaregåande. Hausten 2012 var det om lag 261 000 registerte studentar ved norske universitet og høgskular – spreidd på eit utal fag og kurs, og talet aukar for kvart år. Ein stor del av desse kjem frå dei nynorske kjerneområda og har nynorsk som hovudmål. Men møter dei sitt eige språk i faget dei har valt å utdanne seg i? Nei. Etter 13 år der lærebøker på eige språk har vore sjølvsagt, er nynorsk så godt som fråverande i høgare utdanning.

Dette burde bekymre langt fleire enn meg. For dei som tek høgare utdanning, skal ein gong sjølv ut i yrkeslivet, og dei aller fleste av dei skal i sine yrke bruke språket som verkty, munnleg og skriftleg, som lærarar, som tilsette i helse- og omsorgssektoren, i kommunal og offentleg forvaltning, som journalistar, konsulentar, juristar og marknadsførarar, for å nemne nokre. Men kor godt rusta er dei då til å arbeide i nynorskkommunar når dei ikkje har møtt nynorsk i utdanningsløpet sitt? Og kva haldningar har dei til språket når dei aldri har møtt det som fagspråk, berre som eit litterært språk?

Nynorsk er fint i dikt. Det veit alle. Men det fungerer også utmerka som fagspråk, sjå berre på fag som filosofi, historie og nordisk, der nynorsk har ein sterk posisjon. Men skal nynorsken også i framtida vere eit levande, samfunnsberande bruksspråk, er det heilt avgjerande at det blir utvikla ny fagterminologi på fleire fagområde, terminologi som held tritt med samfunnsutviklinga og kan gå inn i bruksspråket.

Derfor er pensumlitteratur for høgare utdanning alt anna enn smal. For det er gjennom pensumlitteraturen at fagspråket blir overført til nye brukarar, brukarar som igjen tek med seg språket ut i samfunnet. Og pensumlitteraturen er heller ikkje smal i den tydinga at han har få lesarar. Opplaga av pensumbøker for høgare utdanning er jamt over større enn av romanar, lyrikk og drama. Dessutan, og det er heller ikkje uvesentleg, blir bøkene lesne både av bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar; studentane skal jo trass alt ta eksamen.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...