Medietilsynet er lite nøgd med nynorskprosenten i NRK.
Medietilsynet sjekkar kvart år om allmennkringkastarane held det dei lovar, no regarerer dei mellom anna på at nynorskprosenten i NRK ikkje er høge nok.
Trass i at nynorskprosenten er blitt høgare har NRK mykje å gå på før dei når kravet om 25 prosent nynorsk, i følgje Medietilsynet, skriv NRK.
Medietilsynet reagerer også blant anna på at Radio Norge har hovudkontor i Oslo, medan kontoret eigentleg skal ligge i Fredrikstad. TV2 får derimot skryt, både for plassering av hovudkontor, innhald i program og bruk av begge målformer.