Heim Nyhende Trondheim er Noregs kulturkommune 2013

Trondheim er Noregs kulturkommune 2013

Byen får kulturprisen for å ta det offentlege ansvaret sitt for eit mangfaldig kulturliv på alvor.

Onsdag vart Trondheim kommune kåra til Noregs kulturkommune 2013 i samband med landskonferansen til Norsk kulturforum i Narvik. Fylkesmann i Østfold, Anne Enger, stod for prisutdelinga. Enger har leidd arbeidet med Kulturutredningen 2014.

Juryen skriv i grunngjevinga si at kommunen er flink til å ta ansvar for kulturlivet i byen. Eit godt og breitt kulturtilbod kjem ikkje av seg sjølve, men juryen meiner kommunen har skapt og bidrege til imponerande breidd og kvalitet i kulturlivet i byen.

– Trondheim kommune er eit døme dei andre store byane i Noreg kan følgje: Planmessig satsing på ein strategisk, langsiktig og inkluderande kulturpolitikk, heiter det.

Prisen vert delt ut av Norsk kulturforum og vart første gong delt ut i 1992. (©NPK)

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Krev like vilkår for nynorsk og bokmål i regjeringa si nye KI-satsing

Nynorsk bedriftsforum reagerer på at den nye nasjonale satsinga KI Norge berre er tilgjengeleg på bokmål ved lansering. KI Norge, som vart lansert 12. juni...

Kven er din kandidat til årets nynorskkommune?

Kultur- og likestillingsdepartementet skal kåre vinnaren av prisen «Årets nynorskkommune 2026». Prisen er på 200  000 kroner og vert delt ut annakvart år til ein...

Fleirtal for krav til nynorske læringsressursar

Stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) har samla fleirtal for nynorskkrav til læringsressursar. No må kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) og regjeringa innfri, slik at nynorskelevane...

Festivalfunn for dei nyfikne

Det finst alltid skattar å oppdage i eit godt festivalprogram, og Festspela byr på fleire freistingar for den nyfikne. Her er nokre utvalde festivalfunn...