Heim Nyhende Litteraturbåten Epos inviterer til litteraturcruise i Hardanger heile sommaren!

Litteraturbåten Epos inviterer til litteraturcruise i Hardanger heile sommaren!

No kan du bli med den gamle bokbåten på tur blant bøker, bølger og bygder i Hardanger!

Den 61 år gamle båten Epos har vore bokbåt og turistbåt i ein mannsalder, og frå 17. juni kan du vere med den på nye tokter.

Sommaren 2024 vil Litteraturbåten Epos gå i ruta Rosendal-Norheimsund-Øystese. Båten vil gå tur-retur kvar vekedag, og korrespondere med Rødne sin hurtigbåt frå Bergen til Rosendal om morgonen.

Som ekte litteraturbåt frå Strandebarm, vil båten sjølvsagt gå i sakte fart forbi heimbygda til Jon Fosse, og på onsdagar kan ein også gå i land her.

– Me prøver noko heilt nytt her, og kombinerer den fantastiske naturen med den fantastiske litteraturen i Hardanger, seier dagleg leiar i Litteraturbåten Epos, Maria Pile Svåsand.

Dette vert eit etterlengta tilskot til båttrafikken i Hardanger, det har til no ikkje vore nokon samanknyting av Sunnhordland og nordsida av Hardangerfjorden, og ruta vil gje store moglegheiter for begge dei involverte kommunane. Ruta vil gje moglegheita til å reise på dagstur frå Bergen, via Rosendal og Kvam.

Turen vil kombinere bøker om bord, moglegheit til å høyre Jon Fosse på lydbok undervegs og ein sving innom Fosse med guiding undervegs. Samstundes vil me tilby det einaste «sakte-cruiset» i fast rute i Hardanger. Undervegs får ein også kjøpt lokal mat og drikke.

Så om ein ynskjer seg feriecruise, lesecruise, sidercruise eller saktecruise – denne turen dekkar alt.

Litteraturcruise i Hardanger vil vere eit tilbod både for turistar som vil sjå Hardanger,  lokalbefolkinga og hyttebuarar på begge sider av fjorden som ynskjer seg ei utflukt og for ferierande i regionen som reiser utan eigen bil og får eit nytt tilbod som del av ein større
rundtur.

Litteraturbåten Epos er eit desentralisert litteraturhustilbod og eit nasjonalt kulturminne, som gjennom drifta tek vare på kystkultur og skapar aktivitet på tradisjonelle møteplassar med nærheit til kysten.

Litteraturhus skal ikkje berre vere eit tilbod i dei store byane. Litteraturcruise er eit tilbod i vekedagane i sommarmånadane, og alle inntekter går til vidareutvikling av litteraturbåttilbodet.

– Det er ikkje lønsamt å drive litteraturbåt, med dette håpar me å auke eigeninnteninga vår og å utvide tilbodet samstundes, seier Svåsand.

M/S Epos var ein av verdas største aluminiumsbåtar då den vart bygd på Omastrand i Hardanger i 1963. Heilt sidan den var ny har den vore bokbåt på Vestlandet, og teke med seg bøker til bygder og øyar som ikkje hadde eige bibliotek. Sidan 2022 er båten eit flytande litteraturhus for dei same bygdene, eigd og driven av Stiftinga Litteraturbåten Epos. Om bord kan ein oppleve kulturarrangement, kafé og ein liten bokhandel med nye
og brukte bøker.

Meir informasjon og billettar finn du på litteraturcruise.no.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...