Heim Nyhende Ljone til Haugesenteret

Ljone til Haugesenteret

Guro Ljone (30) er tilsett som formidlar ved Olav H. Hauge-senteret i Ulvik.


Ljone kjem frå stillinga som dagleg leiar for musikkorganisasjonen AKKS i Bergen. Ho tek til i stillinga 1. oktober.

Som prosjektleiar for forprosjektet for Hauge-senteret 2009–10 har ho også relevant erfaring og kunnskap om Olav H. Hauge. Ljone har mastergrad i medievitskap og har prosjekt- og produsenterfaring frå Badnajazz på Vossajazz og Ulvik Poesifestival.

–Ved tilsetjinga av Guro Ljone får Hauge-senteret ein dyktig, strukturert og kreativ medarbeidar som vil bidra til å skapa eit levande og interessant program for ulike publikumsgrupper, seier dagleg leiar Geir S. Netland ved Hauge-senteret. Med denne tilsetjinga har Hauge-senteret dei fire stillingane som var målet då Nynorsk kultursentrum i 2011 tok på seg ansvaret for å byggje opp senteret.

Formidlaren skal utvikle det pedagogiske tilbodet til elevar, studentar og lærarar og vera med og utforma temautstillingar og programtilbod. Hauge-senteret skal formidla både Olav H. Hauge og vår tids lyrikk i mange former.

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...