Heim Nyhende Alle vil ha tilflytting, men få lykkast

Alle vil ha tilflytting, men få lykkast

Heile 80 prosent av distriktskommunane her i landet arbeider aktivt for å trekkje til seg nye innbyggjar, men få lykkast. Dei som arbeider målretta mot utvalde grupper har best resultat, viser ny studie.

– Dei fleste kommunar vil ha nytte av å stoppe opp og tenkje gjennom tilflyttingsarbeidet sitt, seier direktør Halvor Holmli i Distriktssenteret som står bak undersøkinga.

Trass i at «alle» kommunar driv med tilflyttingsarbeid, er det få som flyttar på grunn av denne aktiviteten. Det største problemet er at dei fleste satsar på generelle målgrupper som «alle», barnefamiliar, tilbakeflyttarar og arbeidskraft generelt.

Kven treng vi?
Holmli meiner kommunane må finne ut kven dei vil ha og satse målretta mot spissa grupper.

– For å gjere det valet, må kommunane slutte å synse og gjere ein enkel analyse av behova på staden og behova til tilflyttarane. Då vil dei kunne treffe med tiltaka og få tilflyttingsarbeidet til å virke, seier han.

Som døme på satsing på konkrete målgrupper som verkar, nemner Distriktssenteret Rauma som har vendt seg til nederlandske livsstilsflyttarar eller friluftsinteresserte, Sogndal som har satsa på dei som jaktar på den beste snøen og Hardanger som har etterlyst kunstnarar.

Det gode liv
Kommunane må så leggje til rette for dei spesifikke gruppene og fortelje dei kva dei har å tilby. Det er viktig med ei positiv vinkling.

– Å signalisere desperasjon: «SOS, vi søkk», gjer ikkje staden attraktiv og eigna som framtidig bustad. Tilflyttingsprosjekta må kommunisere at «Dette kan vere eit godt liv for deg». Samtidig må ein vere ærleg og ikkje overselje staden, seier forskarane Gro Marit Grimsrud og Marit Aure, som har skrive rapporten.

Distriktssenteret har samla tilflyttingstiltaka dei har funne i studien, i ein katalog. Fem tiltak er studert i detalj: Tilflyttingsteamet i Dyrøy, Bygdelivsmeklaren i Vest-Telemark, Flytt til Hardanger, Bratt moro og andre tiltak i Sogndal, og Placementsamarbeid. (©NPK)

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

Voss herad er Årets nynorskkommune: – Det same som verdsmeister i nynorsk

Kulturdepartementet heidrar Voss herad for klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa. – OL-og VM-medaljer har me i bøtter...

MEST LESE

Språksjov-Linda vedgår: – Mange vil gjerne inn i skåpet mitt

Dette er det andre intervjuet i årets sommarserie. Mykje moro og mange bilete av den fargerike vossingen og sjefen for den populære...

Guri Vesaas får Storegutprisen under Litteraturdagane 2022

På Litteraturdagane i Vinje blir tidlegare redaktør i Det Norske Samlaget, Guri Vesaas, heidra med Storegutprisen. Ho får prisen spesielt for den...

Rekordtal for nynorskinnhald i Store norske leksikon

I over 100 år var Store norske leksikon (SNL) nesten berre på bokmål. Men etter at SNL og Nynorsk kultursentrum gjekk saman...

Miljøstøtte frå Vestland til Framtida Junior

Framtida Junior vil laga til miljøjournalistkurs for barn og unge fleire stader i Vestland no i haust, og gje ut ei miljøutgåve...