Heim Nyhende Bjørge blir språksjef i NRK

Bjørge blir språksjef i NRK

Ragnhild Bjørge (36) blir ny språksjef i NRK. 

 

 – Eg gler meg veldig til å bygge opp jobben som språksjef i NRK. Eg brenn for godt språk og god språkrøkt, seier Ragnhild Bjørge til NRK. 

Ragnhild Bjørge har arbeidd som journalist i NRK dei siste seks åra, mesteparten av tida i nyhendeavdelinga på Marienlyst der ho blant anna har vore reporter, planleggar, vaktsjef og programleiar i Dagsnytt. Dei siste åra har ho også vore språkkontakt i nyhendeavdelinga. 

– Både leiarar og medarbeiderar er engasjerte i språkbruk. Det gjeld både kva som er rett språk og ikkje, og det gjeld arbeidet med å frigjere seg frå kjeldespråk. Eg meiner det er ein styrke for NRK at det er gitt rom for dialektbruk, seier Bjørge til NRK.

Bjørge har blant anna master i nynorsk skriftkultur og mellomfag i statsvitenskap. Ho har vore politisk rådgjevar i Noregs Mållag og var tidleg i sin karriere dagleg leiar i Norsk Målungdom. Ho har også vore praktikant ved Nynorsk Mediesenter i Førde og arbeida ved distriktskontora i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Les også: NRK vil ha eigen språksjef

– Bjørge vil kunne organisere språkarbeidet i NRK på ein god måte. Ho skal jobbe opp mot språkstyret og finne gode løysingar for god språkrøkt i alle redaksjonar over heile landet, seier distriktsdirektør Grethe Gynnild-Johnsen. Bjørge er fagleg sterk, engasjert og vil kunne skape entusiasme og merksemd rundt språk i og utanfor NRK, seier distriktsdirektør Grethe Gynnild-Johnsen.

Det var 27 søkjarar til stillinga som språksjef i NRK. Bjørge startar i stillinga på seinhausten. 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...