Heim Nyhende Lokalsjukehuset i Lærdal kjempar mot nedlegging

Lokalsjukehuset i Lærdal kjempar mot nedlegging

Sjølv om innsatsen frå det lokale sjukehuset i Lærdal truleg redda liv etter å ha behandla omtrent 450 personar etter brannen i helga, må sjukehuset framleis kjempa for å unngå nedlegging.

Sjukehuset i Lærdal er nemleg føreslege nedlagt ei rekkje gonger dei siste ti åra og har vore gjennom både nedbemanning og reduksjonar fleire gonger, skriv Klassekampen. Det er to timar til nærmaste sjukehus.

– Argumentet om at lokalsjukehus ikkje er i stand til å ta seg av store akutte og alvorlege hendingar er endå ein gong motbevist. Kor mange gonger skal det vera nødvendig å dokumentera dette?, spør Bente Øien Hauge, leiar for lokalsjukehusaksjonen i Lærdal.

Statsminister Erna Solberg (H), som måndag var på besøk i den brannramma bygda, vil ikkje gje henne lovnader om at sjukehuset skal halda fram.

– Det er klart vi skal ha lokalsjukehus over heile landet. Her har sjukehuset fungert både som skadestove og som samlingsstad for lokalsamfunnet, var det einaste ho svarte då NRK konfronterte henne med nettopp framtida til lokalsjukehuset.

Forkjemparar for å ta vare på lokalsjukehusa får derimot støtte frå partiet Raudt.

– Det dei fekk til i Lærdal, er ingenting anna enn ei stor bragd. Dette viser at lokalsjukehusa er heilt avgjerande for den akuttmedisinske beredskapen i Noreg, slår partileiar Bjørnar Moxnes fast. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...