Heim Nyhende Løvåsen opnar Hauge-senteret

Løvåsen opnar Hauge-senteret

Leiar Sigmund Løvåsen i Den norske Forfatterforening har fått æra av å opne Olav H. Hauge-senteret torsdag 4. september.

 

Til opninga kjem gjester frå heile landet, og no gjer Ulvik bygdekvinnelag seg klar til å servere mat til både fastbuande og tilreisande gjester.

– I kraft av diktinga si var Olav H. Hauge ein av dei fremste medlemene i Den norske Forfatterforening. Medlemskortet hans ligg i Olav H. Hauge-senteret, og det kjennest veldig rett at det er leiaren for alle norske forfattarar som opnar det senteret som har fått namn etter Hauge, seier dagleg leiar Geir S Netland.

Sigmund Løvåsen (fødd 1977) debuterte i 2003 med romanen «Nyryddinga», som han fekk fleire store litterære prisar for. No er han leiar i Den norske Forfatterforening på tredje året.

Mat til alle

Opningshøgtida samlar folk frå heile landet. Den grøne kafé er open, men arrangørane reknar med så mykje folk at dei har invitert Ulvik bygdekvinnelag til å selje mat og drikke. – I Ulvik stiller folk opp når det trengs, og dette er bygdekvinnelaget eit godt døme på, seier Geir S. Netland.

Opningshøgtida for Olav H. Hauge-senteret torsdag 4. september tek til kl. 16.00 og varer ein time. – Vi bed om at folk er på plass i god tid, så går ingen glipp av det som skjer dei første minutta, seier Netland. – Kl. 17.30 opnar vi dørene til utstillinga for alle med gratis inngang, og i den nye museumsbutikken har vi fleire spesialtilbod, så set av dagen, folkens! oppmodar leiaren ved Hauge-senteret før han tek ein ny telefon.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...