Heim Nyhende – Kommunar risikerer søksmål etter lærarstreiken

– Kommunar risikerer søksmål etter lærarstreiken

Elevar har rett til opplæring og skuleelevar som gjer det dårleg på eksamen etter lærarstreiken, kan saksøkja kommunane, seier jussekspert.

 

I dag er over 100.000 elevar i Noreg ramma av lærarstreiken og titusenvis har ikkje eingong fått starta på skuleåret, ni dagar etter offisiell skulestart.

Stipendiat Trond-Erik Welstad ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo, er spesialist på utdanningsrett og seier desse elevane har ein heilt soleklar rett på å få tilbake undervisninga dei har tapt som følgje av streiken, skriv Bergens Tidende.

Skjer ikkje det, meiner Welstad at streiken kan føra til søksmål mot kommunar og fylkeskommunar.

– Viss streiken fører til at avgangselevar stryk eller får dårleg karakter på eksamen og difor ikkje kjem inn på eit studium, kan elevar eller føresette føra erstatningssøksmål mot skuleeigaren for tapt inntekt seinare i arbeidslivet, seier Welstad.

Elevar har rett på opplæring ifølgje Opplæringslova, der det også er fastsett kor mange timar elevane har rett på. Skoleeigarane – kommunane og fylkeskommunane – har plikt til å syta for at dette timetalet er oppfylt.

– Utgangspunktet er altså veldig enkelt. Når elevane ikkje får det dei rettmessig skal ha, må det kompenserast på ein eller annan måte, seier Welstad. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...