Heim Nyhende Lovfestar ny kommunemodell

Lovfestar ny kommunemodell

Frå 1. juli blir det lov for kommunane å danne samkommunar.

Gjennom samkommunemodellen kan kommunane samarbeide på tvers av mange sektorar og om fleire ulike oppgåver under eit felles folkevald samkommunestyre, heiter det i ei pressemelding frå Kommunal og regionaldepartementet. Ein samkommune er ei sterkt formalisert form for interkommunalt samarbeid, kor kommunane har eit felles politisk organ med administrasjon og fageiningar for felles løysning av oppgåver. Slik står kommunemodellen beskriven i ein rapport utvikla for KS, og denne modellen blir gjerne sett som eit alternativ til kommunesamanslåing, heiter det vidare i rapporten.

– Dette gir dei folkevalde høve til å sjå dei ulike områda i samanheng og dermed kunne gjere dei rette prioriteringane, sa kommunalminister Liv Signe Navarsete etter at samkommunemodellen vart vedteken av Kongen i statsråd 25. mai.

– Eg vil oppfordre kommunane til å leggje vekt på god folkevald styring og kontroll når dei etablerer ulike samarbeid – ikkje minst på så viktige område som helse og velferd, sa statsråden

Nye reglar for eit styrkt lokaldemokrati kjem også på plass frå 1. juli. Dei nye reglane vil få noko å seie i forholdet mellom lokalpolitikarar og administrasjonen i kommunane. Kommunestyra skal no mellom anna ta stilling til kven dei ønskjer skal lage med innstillingar i politiske saker, og dei må behandle ei sak om delegeringsreglementet kvar valperiode.

– Kven som innstiller i politiske saker og kven som blir delegert ansvar viktige saker er viktig for lokaldemokratiet. Å ta stilling i slike spørsmål gjer kommunestyret medvite på kva slags avgjerder det sjølv skal ta, og kva administrasjonen skal bestemme. Innstillinga legg premissar for debatten. Difor bør kommunestyret vere medvite på kven det ynskjer skal lage den, seier Navarsete.

 

Førre artikkelPrøvebur bygda
Neste artikkelVegen vidare

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...