Heim Nyhende Prøvebur bygda

Prøvebur bygda

Har du nokon gong tenkt at det kunne ha vore greitt å prøvebu ein plass før du bestemmer deg for å flytte dit? I Vinje kan du det.

I bygda Øyfjell i Vinje i Vest-Telemark kan du nemleg leige deg inn i ein bustad i byggjefeltet for nokre månader eller år for å sjå om du likar deg nok til å bli buande. Første prøveleigetakar er på plass og har budd i huset ei stund.

– Vi var heldige og fekk ein familie på seks som leigetakarar allereie då huset stod ferdig, og dei har framleis eit drygt år att av leigetida før dei har budd der i 3 år, som er maksimaltida, fortel bygdeutviklar Emilie Asplin til LNK-avisa. Å seie noko om kven som er den typiske prøveleigetakaren ut frå dette, er gjerne litt vanskeleg, men Asplin seier det til no har vore småbarnsfamiliar med eit ønske om å flytte ut av byen som har vist størst interesse for prosjektet.

Var heldige

Ideen bak prøvebustaden i Øyfjell kom opp i samband med bygdeutviklingsprosjektet Øyfjell City, som varte frå 2006 til 2009, og som hadde som føremål å få mange fleire til å flytte til bygda. Eit av tiltaka i Øyfjell City var å regulere eit byggjefelt med rimelege tomter, då det mest ikkje fanst bustader til leige eller sals i bygda. Og dermed kom ideen om ein prøvebustad opp. Tilfellet ville det slik at tre anerkjende arkitektar samstundes var på jakt etter hustomter i Vest-Telemark kor dei kunne utvikle ein ny hustype, eit moderne landsens hus, tufta på tradisjonar. Og slik gjekk det til at tre bustadar, eller «eplekassar» som dei også vert kalla, vart reiste og stod klare i 2010. Husa er ikkje så svært store og ligg i ei lita rekkje som skapar eit bumiljø ute i naturen. I eitt av desse skal ein altså kunne bu i inntil tre år medan ein ser om ein trivast nok til å bli buande, og medan ein eventuelt byggjer seg sitt eige hus. Dei andre to er selde til to familiar, så prøvebustaden kjem med eit fiks ferdig nabolag også.

Asplin veit ikkje enno om dei som prøvebur i Øyfjell, kjem til å slå seg til der, men håpet er der.

– Vi trur og håpar at dei snusar på ei tomt i området her, anten i Øyfjell eller i nærleiken, seier bygdeutviklaren, som òg kan fortelje at ytterlegare to familiar står på venteliste til prøvebustadane.

Folkevekst

Øyfjell City ser ut til å ha gjort bygda godt, i alle fall viss ein ser på folketalet.

– Ja, vi er inne i ein svært god periode i Øyfjell no, med masse liv og folketalsvekst. Det måtte byggjast ny barnehage på grunn av stor pågang av barn, og vi veit om mange som har flytta og skal flytte heim att, seier Emilie Asplin. Prognosane for elevtalet i skulen har dobla seg på ca. 5 år, frå 20 til 40. I dag er det 34 elevar ved skulen, og det vil auke på, trur ho.

– Vi i Øyfjell Utvikling er stornøgde med den positive utviklinga, og vi er visse på at mykje av det initiativet og dei aktivitetane som vart sette i gong gjennom Øyfjell City-prosjektet, har spela ei viktig rolle for folketilveksten. Vi har tru på at slike mobiliseringsprosjekt kan setje i gang mange hjul og gje synergieffekt!

—–

Prøvebustad Øyfjell

Ein prøvebustad med om lag 180 m2 bruksareal er bygd i Øyfjell i Vinje.

Bustaden er teikna av arkitektane Sverre Sondresen, Dagur Eggertsson og Sami Rintala.

Prosjektet er finansiert gjennom Husbanken, Landbruks- og matdepartementet og Vinje kommune

Du kan leige ein prøvebustad i inntil tre år for å sjå om du trivst godt nok i Vinje til å flytte dit.

Tilsvarande prøveprosjekt blir no vurderte i Seljord, Kviteseid og Hjartdal.

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Språkrådet og språkdirektør Åse Wetås meiner den nye læreplanen kan svekkje den samla norskkompetansen til elevane. Foto: Moment Studio/Språkrådet

Ny opplæringslov heng ikkje med i tida

Framlegget til ny opplæringslov stiller krav om at skriveprogram i skulen skal fungera like godt på nynorsk og bokmål. Men kvifor er det framleis...

Mellom appar og bærbare skjermar heve nynorsken mista sin heim

Kunnskapsdepartementet er asfalten nynorske løvetannbarn må sprenge seg gjennom. Alle norske elevar har lenge hatt rett til læremiddel på eige språk, men tida der eit...

Velkommen til landsting og 30-årsjubileum for LNK!

Me har gleda av å invitera dykk til landsting, årsmøte og 30-årsjubileum i Landssamanslutninga av nynorskkommunar. I år vert landstinget halde på Quality Sogndal...

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...