Heim Innspel Ein nynorsk hovudstad?

Ein nynorsk hovudstad?

Dei siste vekene har debattbølgjene i fleire norske aviser gått høgt om Bergen eller Oslo skal vera nynorskhovudstaden i Noreg. Ingen av kandidatane har, etter mi meining, til no fremja overtydande kandidatur.

Fleire debattantar har drege fram forskar ved NHH, Johannes Nymark, sitt gamle argument om at nynorsk manglar det den spanske målforma katalansk nyt godt av, nemleg byen Barcelona. I Spania står fleirtalsforma kastiljansk sterkt i Madrid og store delar av landet elles, medan katalansk er fleirtalsform i Barcelona og skapar legitimitet for målforma katalansk, både i byen og i resten av regionen.

Men sjølv om Bergen er ein sjarmerande by, blir han liksom ikkje heilt det same som Barcelona – noko kulturhistoria vår og debatten dei siste vekene tydeleg har synt oss.

Nokre parallellar finst likevel: I Spania sette general Franco fyr på katalanske bøker i stor stil. Han tok også konsekvensen av kultursynet sitt og la like godt ned forbod mot bruk av katalansk.

Ingen norske politikarar har, til no, gått så langt. Men i Noreg har fleire framståande politikarar i hovudstaden Oslo og i wannabehovudstaden for nynorsk, Bergen, ei nær fortid som forsvararar av bokbål – så lenge bøkene er på nynorsk.

Bakgrunnen for den aktuelle hovudstadsdebatten er eit spennande innspel frå Kultur Vest, Hordaland Teater og Nynorsk kultursentrum om at det nynorske Hordaland Teater bør flyttast frå lite tidsmessige og til dels upraktiske lokale på Stend i Fana til Bergen sentrum, og at mandatet til teatret bør utvidast frå å vera eit barne- og ungdomsteater til å vera eit moderne kvalitetsteater for eit breitt publikum. Eit teater som spelar på nynorsk – i den norske regionen der nynorsk står sterkast.

Ideen er god, men vart grundig parkert på eit sidespor då ein tidlegare teatersjef fekk stå fram over tre heilsider i Bergens Tidende med alvorlege og bitre skuldingar om kvalitetssvikt ved teatret og om at alt ville ha vore så mykje betre dersom han framleis hadde fått vera sjef. Utspelet skapte, forståeleg nok, mykje uro, og over natta var ein gryande, spennande kulturdebatt redusert til ein uvesentleg persondebatt. Om ikkje Bergen er for liten til å vera kulturhovudstad, er i alle høve nokre av kulturfolka der for små.

Ja, me ønskjer oss sterke nynorskinstitusjonar i alle regionar der nynorsk står sterkt. Men så lenge me vil at nynorsk skal vera eit likestilt språk i heile Noreg, og så lenge Oslo er hovudstad for heile landet, bør Oslo også vera nynorskhovudstaden. Og så bør det bli alle gode nynorskvener si oppgåve å kjempa for at kommunen klarar å ta på seg ei slik oppgåve.

 

Førre artikkelNynorsk kunnskap på nett
Neste artikkelPrøvebur bygda

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...