Heim Nyhende Nynorsk kunnskap på nett

Nynorsk kunnskap på nett

Svaret på nesten alle spørsmål er å finne i digitale oppslagsverk, til og med på nynorsk. Eller?

«Eg er berre ein gneiste» stod det på Olav H. Hauge-jakkemerket vi fekk under Haugejubileet nokre år tilbake.

– Er gneiste det same som gnist, spurde nokon.

ALLKUNNE: I år er det politikk og psykiatri som er to store, dominerande tema i Allkunne. Dei er valde med tanke på valet neste år og med tanke på den pågåande rettssaka mot Anders Behring Breivik. Allkunne har professor i rettspsykiatri Einar Kringlen med som fagkonsulent på psykiatriartiklar.

Ifølgje Allkunne er gneiste ein partikkel som gløder eller brenn, til dømes jern som er blitt varma opp ved eit slag mot stein. Altså ein gnist.

Og det var kan hende ein gneiste som tende i dei som først kom opp med ideen om eit eige nynorsk leksikon på nett. No har i alle fall leksikonet passert 5000 artiklar, det har nyleg publisert ei komplett samling artiklar om norske statsministrar – den første i sitt slag på nynorsk, og dei lanserte nyleg applikasjonar, appar, for Iphone og Android.

– Mobiltelefonar og nettbrett står i dag for ein stor del av nettbruken. Derfor er det svært viktig å ha nettsider som er tilpassa plattformene lesarane brukar. I fjor lanserte Allkunne mobiltilpassa nettsider, og no følgjer vi opp satsinga på mobile plattformer med applikasjonar, seier dagleg leiar Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

Sakte og sikkert

Allkunne er eit relativt nytt leksikon, lansert i 2009.

– I og med at vi er eit kvalitetssikra verk, byggjer vi leksikonet sakte, men solid, seier Rotevatn. Her er det ikkje berre å logge seg på og publisere ei sak, her må ein først levere 3 prøveartiklar til Allkunne sin tverrfaglege hovudredaksjon. Dei vurderer kvaliteten på det du sender inn, og kanskje må du gjere endringar på det, eller kanskje er du ikkje heilt god nok. Men er det bra, så blir artiklane dine sende til språkvask og publiserte, og du får betalt for dei. Allkunne-redaksjonen har ei lang liste med prioriterte ord dei ønskjer artiklar på, så her er arbeid nok å ta av.

– Det er ei lang reise, men vi meiner det er kjempeviktig at det vi presenterer, er til å stole på.

I tillegg til eigenprodusert materiale har Allkunne 32 000 artiklar dei har kjøpt av Caplex, og som dei jobbar med å få oppdaterte og omsette til nynorsk.

Meir av alt

Det viktigaste arbeidet for Allkunne no framover blir å få opp volumet, meiner Rotevatn. Det skal bli fleire eigenproduserte artiklar, og dei skal ikkje berre handle om den nynorske kulturen. Allkunne skal bli eit stort og rikt allment leksikon, og det skal få fleire brukarar.

– Vi er ikkje godt nok kjende, medgjev dagleg leiar. Statistikken viser at ein har ein del å gå på når det gjeld besøk, og no håpar redaksjonen at dei nye appane skal gjere leksikonet lettare å bruke og betre kjent.

– Vi brukar dessutan sosiale medium mykje. Vi er til dømes det oppslagsverket som har flest følgjarar på Twitter, seier Rotevatn. Leksikonet har dessutan ein god skare av følgjarar på Facebook, og Rotevatn meiner sosiale medium blir ein viktig veg å gå framover.

– Her må vi ikkje berre følgje med på trendane, vi må vere innovative.

Men viss du ønskjer å publisere her og no og kunne redigere og bestemme over leksikonet heilt sjølv, då er kanskje ikkje Allkunne den rette arenaen for deg. Då må du finne deg eit anna prosjekt. Då kan du arbeide med Wikipedia.

WIKIPEDIA: Då grunnleggjar Jimmy Wales nyleg gjesta Noreg, fekk han servert nyhenda om at Telenor no gjev gratis nettilgang til 140 000 brukarar i Asia og Afrika. Når desse går på Wikipedia frå mobilen sin, vil dei ikkje betale for nettsurfinga.

Du og eg er sjefar

Wikipedia vart grunnlagt av amerikanaren Jimmy Wales og vart lansert i 2001. I dag finst Wikipedia på 283 språk, og nettleksikonet skal vere ein av dei ti mest besøkte nettstadene i verda. Norsk Wikipedia finst i to utgåver: bokmål/riksmål og nynorsk.

Både Allkunne og Wikipedia er leksikon der alle per definisjon kan bidra med kunnskap. Men der Allkunne har redaktørstyrt og kvalitetssikra innhald produsert av betalte bidragsytarar, er Wikipedia brukarstyrt. Og brukarstyrt inneber at brukarane er alt: dei er lesarar, skribentar, redaktørar og fagnemnd. Dei er berre ikkje betalte.

Passar på oss

På grunn av den anonyme redigeringa av leksikonet har Wikipedia gått for å vere ei mindre påliteleg kjelde enn dei etablerte leksikona og ordbøkene. Her er ingen fagkomité som kan gå god for kvaliteten på innlegga. I 2005 vart det lagt fram ein rapport som viste at Wikipedia var nesten like påliteleg som Encyclopædia Britannica, men samstundes har Wikipedia frå tid til anna vore utsett for hærverk ved at brukarar skriv løgnaktige artiklar eller redigerer eksisterande artiklar slik at desse blir feil. Det siste har ført til at brukarane har fått endå ei rolle i leksikonet; dei overvakar endringar som blir gjorde, for å demme opp for juks og feil.

På Wikipedia finn du ikkje ordet gneiste, men du finn garantert ein artikkel om Olav H. Hauge. Artikkelen om Hauge er etter måten kort, så her er nok rom for at fleire wikipedianarar kan vere med og skrive klokt og innsiktsfullt om poeten frå Ulvik.

Fritt fram

Dei som skriv artiklar på Wikipedia, kallast altså wikipedianarar. Nyleg vart ein norsk meteorolog busett i Aserbajdsjan kåra til årets nynorsk-wikipedianar. Frode H. Korneliussen, eller Frokor som han heiter i Wikipedia-systemet, har starta 28 369 artiklar i leksikonet, og det utgjer nesten kvar tredje artikkel i nynorskversjonen.

– Eg starta å skrive på Wikipedia i 2006 og byrja å skrive om meteorologi, som er fagfeltet mitt i utgangspunktet. Etter kvart gjekk det over til geografiartiklar, men i dag skriv eg om alt mogeleg. Hovudsakleg er det framleis geografi, i tillegg til europeisk historie, musikk og realfag, sa Korneliussen til Framtida.no då han fekk prisen i april.

Wikipedia er altså eit dugnadsprosjekt, og alt du finn på Wikipedia, kan du ifølgje Wikipedia bruke fritt. Nynorsk Wikipedia starta arbeidet i 2004.

Stæveleg

To år tidlegare starta Norsk ordbok 2014 opp arbeidet sitt. Norsk ordbok har som føremål å samle det norske folkemålet og det nynorske skriftspråket. Det er dei snart ferdige med, men enno står nokre ord att før verket er

NORSK ORDBOK: Ein svært stor del av databasen til Norsk Ordbok er handskrivne lappar med ord, sirleg alfabetiserte og arkiverte i lokala deira på Blindern. Her kan ein til dømes finne utskrift av Hulda Garborg sine oppskrifter og dagbøker der ho skriv om eksotiske matvarer som spagetti og krydder frå det store utland.

komplett og kan lanserast. Det skal skje same året som Grunnlova har tohundreårsjubileum, altså i 2014. Til no er det gjeve ut ti band, og siste ord som har gått i trykken er stæveleg. Neste band forlèt redaksjonen i slutten av juni 2013 og vil bli lansert i Trondheim tidleg på hausten, fortel prosjektdirektør Åse Wetås til LNK-avisa.

Digitaliserer etter kvart

Lurer du framleis på kva ordet gneiste tyder, så finn du det likevel ikkje i den digitale versjonen av Norsk ordbok, for denne startar på h. Alle ord før det finst førebels i trykt versjon, men dei vil komme på nett også. Dei første digitale oppslagsorda kom på nett i mars i år, og ein håpar no å finne midlar til digitalisering og innhaldsrevisjon av dei eldste banda, slik at også desse kan kome inn i ordbasen og bli elektronisk tilgjengelege, fortel Wetås. Det vil i så fall skje etter 2014.

ORDBOKA: Saknar du ord og uttrykk i ordboka, kan du føreslå nye ord til Ordvakta.

Den andre ordboka

Gneiste er eit substantiv, men er det kanskje også eit verb? Å gneiste? Ja, seier Nynorskordboka, det er det. Du kan vere så sint at det gneistrar av deg, må vite.

Nynorskordboka og Bokmålsordboka er tvillingar i Universitetet i Oslo sitt nettsystem, og det er universitetet og Språkrådet som står bak ordbøkene. Dei lever et stillferdig liv på ei litt vanskeleg tilgjengeleg nettadresse: http://nob-ordbok.uio.no/perl/ordbok.cgi.

Her kan dei by på oppklaringa av mang ei språkleg utfordring. Korleis bøyer vi bunad, kva er skilnaden på lengre og lenger? Er det berre katten som sit i tunet, eller kan katta sitje der òg?

Røynde Wordfeud-spelarar har forresten for lengst funne eit nytt bruksområde for ordboka: I søkjefeltet skriv du inn ein og ein av bokstavane du har til rådvelde. Gjer det litt seint, så vil ordboka etter 2-3 bokstavar byrje å føreslå ord for deg. Dessverre er ikkje nynorskordboka til hjelp i dag, sidan vi ikkje kan spele Wordfeud på nynorsk enno. Men nett det har Språkåret 2013 teke mål av seg å få orden på, så når den tid kjem, har vi svaret på den utfordringa også.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...