Heim Nyhende Luftvegsbakterie spreier seg

Luftvegsbakterie spreier seg

Den smittsame bakterien Mykoplasma er på frammarsj. Sjukdommen minner om ei vanleg forkjøling eller influensa, men kan utvikle seg til lungebetennelse.

Prøver frå Sjukehuset i Vestfold viser ein klar auke av sjukdomstilfelle dei siste vekene. Bakterien gir øvre luftvegsinfeksjon med mykje og langvarig hoste. Til dømes var det berre seks av 21 elevar som møtte på skulen etter haustferien i ein klasse på Nøtterøy. Resten var sjuke, fortel NRK.
Mikrobiologisk avdeling på Sjukehuset i Vestfold får vanlegvis inn 5– 10 positive mycoplasmaprøver i veka. Men sidan sommaren har talet lege på opptil 50.
Mykoplasma er ein bakterie som har nokre av eigenskapane til viruset. Han kan føre til luftvegsinfeksjonar som bronkitt, biholebetennelse, øyrebetennelse og lungebetennelse.
Mykoplasma lungebetennelsar blir også kalla «lungebetennelse light» fordi ein ofte ikkje blir like sjuk som ved vanleg lungebetennelse. Sjukdommen er også kalla smittsam lungebetennelse fordi han i motsetning til annan lungebetennelse kan smitte.
Mange blir friske av seg sjølv, men om du har vore sjuk i to månader bør du gå til legen. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...