Heim Nyhende Lyftar fram barnelitteraturen

Lyftar fram barnelitteraturen

Både Maria Parr, Runar Gudnasson og Hans Sande kjem til den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu på Stord som opnar i dag.

– Kulturkontoret i Stord kommune kom på ideen om å lage ein festival for å lyfte fram den nynorske barneboka. Dei såg at me har mange dyktige barnebokforfattarar frå Sunnhordland,og også frå andre stader i landet, men mange av dei er ikkje så mykje lesne, sjølv om bøkene jamt over held god kvalitet og nynorske barnebøker mottek mange prisar og rosande omtale, seier Hege Myklebust, som er prosjektleiar for festivalen.

Tanken bak arrangementet var difor å lage ein festival for å lyfte fram den gode barnelitteraturen og gje han eit publikum. Dei fann det naturleg å leggje festivalen til Stord på grunn av barnebokforfattarane som kjem frå denne delen av Sunnhordland.

Poesi og provokasjon
Programmet har ingen raud tråd, anna enn at det handlar om nynorsk barnelitteratur, men eit eige fagleg seminar på fredagen set fokus på poesi for dei yngste og har fått tittelen Poesi og provokasjon.

– I år har poesien kanskje ein spesiell plass i resten av programmet òg. Ungdomsskuleelevar skal få gå på rappekurs med Runar Gudnasson, alias Torstein Hyl frå Side Brok. I tillegg skal både kulturskuleelevar og musikkstudentar komponere eigne låtar til dikt. Elles er litterære illustrasjonar eit tema for både skuleelevar og studentar på høgskulen, og forfattarar skal ut på besøk for å møte born, både i skuletida og på ettermiddagen.

I tillegg skal alle barnehagane få ei bokgåve med nynorske bøker frå Stord mållag og Stord kommune.

Multikunstnaren
Hege Myklebust er glad for at dei frammøtte kan få møte Maria Parr under festivalen, sjølve «popstjerna» innan nynorsk barnelitteratur, som Myklebust kallar henne.

– I tillegg håpar me jo at mange kjem for å høyre Hans Sande, festivaldiktaren. For dei vaksne har me ein eigen festkveld fredagen; Raltura. Dit kjem fleire stjerner, som Ragnar Hovland og Selma Lønning Aarø. Dette vert ein flott musikalsk-litterær kveld under leiing av vår eigen Atle Hansen, som er både forfattar og musikar, fortel ho.

– Kvifor Hans Sande som festivaldiktar?

– Hans Sande har 40 års erfaring som forfattar og skriv i utruleg mange sjangrar for publikum i alle aldrar. I tillegg er han multikunstnar og driv med både skulpturar, biletkunst, song og musikk i tillegg til skrivinga. Likevel oppdagar me at mange ikkje har høyrt om han. Me håpar han vil få eit større publikum etter dette.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Hurra for Hudd på nynorsk!

Det norske sosiale mediet Hudd er no tilgjengeleg på nynorsk. Med nær 200 000 brukarar i Skandinavia tek selskapet endå eit steg i arbeidet...