Heim Nyhende Ser lyst på framtida

Ser lyst på framtida


Hans Henrik Løken er praktikant ved Nynorsk mediesenter og ser optimistisk på ei framtid som nynorsk sportsjournalist.

– Eg er ein sportsnerd med stor interesse for området, så eg ønskjer å ha sport som mitt felt som journalist. Eg er i så måte innstilt på å bruke nynorsk så langt det let seg gjere, og vil vere lojal mot nynorsken.

Løken er midt inne i ein periode med utdanning og hospitering hjå NRK Sogn og Fjordane, og etter det følgjer det 2 månader hjå ein ekstern redaksjon. Då håper han å kome seg inn i NRK-sporten og etter kvart klore seg fast der. Der reknar han det som sjølvsagt at det vil bli uproblematisk å bruke nynorsk. Tidlegare har han jobba i Hardanger Folkeblad, der han skreiv halvt om halvt med nynorsk og bokmål. Nokre negative reaksjonar på målbruken har han ikkje fått.

– Nei, tvert om. Det har vore meir av typen «eg likar det du skriv, og eg likar nynorsken din».

Samstundes ser han at utfordringa kan bli ei heilt anna viss han ein dag skulle ønskje seg jobb i rikspressa.

– Ein får ikkje bruke nynorsk i til dømes VG, så målforma stenger nokre dører der.

Jobben som tel

NRK-journalist Harald Thingnes er van med å bruke nynorsk som sportsspråk og jobbar i ei mediebedrift der det finst mange nynorskbrukarar. Men for han handlar det meir om kor god jobb han gjer, enn kva språk han skriv på.

– Eg har aldri blitt oppfordra til å bruke eit anna språk og har heller aldri fått negative reaksjonar på at eg bruker nynorsk. I alle fall har slike reaksjonar ikkje kome til meg.

Snarare opplever han at folk, når dei først har ei meining om det, er positive. Innanfor redaksjonen er bruk av nynorsk eller bokmål ikkje noko vidare gjenstand for diskusjon.

– Sjølv om NRK har eit lovpålagt minimumskrav, så er dette med kvotering ikkje noko vi snakkar om og tenkjer på.

Thingnes er ein fleirmedial journalist, det vil seie at han i tillegg til å lage reportasjar for radio og tv også skriv for papir og nett. Før han byrja i NRK, jobba han i nyhendeavdelinga til TVNorge, og heller ikkje der var det noko problem å få bruke målforma si.

– Men situasjonen er nok annleis for skrivande journalistar, og då spesielt journalistar i aviser som VG, Dagbladet og Aftenposten, seier Thingnes.

– Ikkje overraska

At nynorsk er lite brukt i sporten, overraskar ikkje Magni Øvrebotten, sjef for NRK Nynorsk mediesenter.

– Sport vert rekna som underhaldning, og det er framleis mange som meiner at nynorsk ikkje høver til det. Lyrikk og nyhende kan gjere seg på nynorsk, det er på ein måte allment godteke etter kvart, men der stoppar aksepten hjå mange.

Slik kommenterer ho fråveret av nynorsk i sportsdekkinga til region- og riksavisene.

Ho synest det er trist viss journalistane ikkje bed om å få bruke nynorsk dersom dei ønskjer dette, men meiner redaksjonane sjølv må vere med og ta ansvar ved å oppmode til det.

– Vil dei ha nynorsk i spaltene, må dei tilsetje nynorskbrukarar som vil bruke språket. På kjøpet får dei ein tospråkleg journalist, seier Øvrebotten.

NRK Nynorsk mediesenter har sidan 2004 hatt 60 nynorskpraktikantar som vil utvikle seg som nynorskbrukande journalistar i avis, radio, tv og på nett. Så langt Øvrebotten hugsar, er det berre ein av desse som har blitt sportsjournalist, men mediesenteret er ifølgje leiaren opptekne av å få fram fleire.

– Sport er eit prioritert område hjå oss, nettopp fordi det er så lite nynorsk i sporten som det er.


 

NYNORSK I SPORTSSAKER

LNK-avisa har lese sportssaker i seks tilfeldig valde papiraviser frå kvar redaksjon i perioden 23. august til 13. oktober og tald opp kor mange av desse som var på nynorsk. Vidare har vi sett på overskrift og ingress på dei 25 siste sakene på nettsidene deira. Vi har òg søkt på orda “spelarar”, “spele” og “skiløpar” i nettsøket og talt saker som er publiserte innafor tidsrommet.

Vi har vald dei regionale og landsdekkjande avisene som vender seg til lesarar i språkdelte område.

Medium Papir Nett Søk
Adressa 0 0 10
Aftenbladet 0 0 0
Aftenposten 0 0 0
Bergens Tidende 5% 20% 4 saker i haust
Dagbladet 0 0 0
Fædrelandsvennen 0 0 0
Sunnmørsposten 8% 20% 0
VG 0 0 0
Førre artikkelIkkje om Brann
Neste artikkelLyftar fram barnelitteraturen

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...