Heim Nyhende Ikkje om Brann

Ikkje om Brann


Sunnmørsposten og Bergens Tidende har eigenproduserte sportssaker på nynorsk, både i papiravisa og på nett. Men å skrive om Brann på nynorsk er ikkje aktuelt.

– Vi opplever det som naturleg å skrive om ting som skjer midt i Bergen, på bokmål, seier sportssjef for Bergens Tidende, Tore Strand. – Dei av journalistane som skriv nynorsk, gjer det i ein del samanhengar der det er naturleg for redaksjonen, til dømes når dei skal skrive om fotballklubben Sogndal.

– Får de reaksjonar viss de skriv om Brann eller bynære hendingar på nynorsk?

– Ja, det gjer vi.

Sportssjefen er overraska over at LNK-avisa ikkje fann meir enn fem prosent nynorsksaker i papiravisa på seks tilfeldig valde dagar over ein periode på seks veker.

– Vi meiner vi har meir enn det viss ein ser på avisa over eit lengre tidsrom.

Vekslar

Strand meiner det ikkje er noka stor utfordring å bruke nynorsk i sportsdekninga, og har per i dag tre-fire nynorskskrivande journalistar. Desse vekslar mellom å bruke nynorsk og bokmål ut frå kva sak dei skriv. Skulle ein journalist ønskje å berre bruke nynorsk i alle sportssaker, ville ho ikkje nødvendigvis fått lov til det. Det er ei sak som i så fall må løftast ut av redaksjonen og opp på eit høgare nivå, seier Strand.

– Kva viss lesarane dykkar bed om meir fotballstoff om Brann på nynorsk?

– Det er svært hypotetisk og nesten ikkje til å meine noko om. Men det er klart, det er lesarane vi må tenkje på, det hjelper ikkje kva vi meiner.

– Vi kunne godt hatt meir nynorsk i sporten i Sunnmørsposten, seier Helge Skuseth. Skuseth er sjef for sportsredaksjonen i ei regionavis som dekkjer heile Sunnmøre pluss Vestnes og Misund i Møre og Romsdal og Nordfjord i Sogn og Fjordane. Saman med Bergens Tidende var Sunnmørsposten den einaste regionavisa som hadde eigenproduserte saker på nynorsk.

– Vi opplever det som naturleg å dekkje sport frå nynorskkommunar på nynorsk. Og nynorskkommunar er her jo ein del av, seier han.

Overraska

Sunnmørsposten har eigen nettredaksjon, men denne har ikkje eigen sportsredaksjon. Papir- og nettutgåva har såleis ein del utveksling av stoff seg imellom. Skuseth er litt overraska over at papiravisa ikkje har meir enn 8 prosent nynorsksaker i LNK-avisa sin måleperiode, og seier han gjerne såg det var meir.

– Vi har ikkje eigen sportsredaksjon utanfor Ålesund, så mange av arrangementa utanfor byen blir dekte av frilansarar som brukar nynorsk. Men det hender sjølvsagt ikkje alltid at sakene deira kjem på trykk eller nett.

Ikkje eit krav

– Korleis kan avisene få meir nynorsk i sportsredaksjonane?

– Vi må våge oss meir utpå og kurse oss meir i språket. Intern opplæring er sjølvsagt eit middel. Ikkje alle som jobbar i redaksjonen vår, kjenner seg komfortable med nynorsk.

– Er nynorsk eit krav ved rekruttering til Sunnmørsposten?

– Ikkje i sporten, nei. Men i distriktskontora våre er det eit krav om at dei som søkjer jobb, må meistre nynorsk.

 


 

NYNORSK I SPORTSSAKER

LNK-avisa har lese sportssaker i seks tilfeldig valde papiraviser frå kvar redaksjon i perioden 23. august til 13. oktober og tald opp kor mange av desse som var på nynorsk. Vidare har vi sett på overskrift og ingress på dei 25 siste sakene på nettsidene deira. Vi har òg søkt på orda “spelarar”, “spele” og “skiløpar” i nettsøket og talt saker som er publiserte innafor tidsrommet.

Vi har vald dei regionale og landsdekkjande avisene som vender seg til lesarar i språkdelte område.

Medium Papir Nett Søk
Adressa 0 0 10
Aftenbladet 0 0 0
Aftenposten 0 0 0
Bergens Tidende 5% 20% 4 saker i haust
Dagbladet 0 0 0
Fædrelandsvennen 0 0 0
Sunnmørsposten 8% 20% 0
VG 0 0 0
Førre artikkelLite sport på nynorsk
Neste artikkelSer lyst på framtida

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...