Heim Nyhende Maksimalt to sider per sak

Maksimalt to sider per sak

Stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal meiner saksmengda “kveler” lokalpolitikarane.

På sist kommunestyremøte i Ørsta var sakspapira på 600 sider.

– Er det mogleg å redusere mengda av informasjon. Er det til dømes naudsynt med alle vedlegga? undra Jostein A. Mo (Ap), ifølgje Mørenytt. Ordføraren bad rådmannen om sjå på kva som er naudsynt informasjon.

Stortingsrepresentant Fredric H Bjørdal gjev full støtte til Jostein O. Mo sitt utspel om sakspapir i Møre-Nytt.

Bjørdal, som før stortingsvalet var gruppeleiar for Ap i kommunestyret i Ørsta, meiner det enorme sidetalet trugar lokaldemokratiet.

– Ofte var det fleire hundre sider å lese til kvart møte. Dette greidde ikkje nettbretta å handtere, så møta vart mykje lenger enn naudsynt fordi ein måtte vente på elektronikken, seier han til lokalavisa.

Bjørdal minner at lokalpolitikken blir gjort ved sida av jobb og familie, og at ein kan ikkje forvente at nokon vil ta på seg eit verv som er så tidkrevjande.

– Slik eg ser det har ein to alternativ: anten auke godtgjersla til politikarane kraftig, så ein sit att med meir enn knappar og glansbilete for den tidkrevjande jobben ein gjer. Eller så må ein redusere mengda sakspapir drastisk. Eg meiner administrasjonen bør ta mål av seg å legge fram saksframstillingar på maks to sider. Det bør vere fullt mogleg å presentere essensen i ei sak slik, seier Holen Bjørdal til Møre-Nytt.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Mellom appar og bærbare skjermar heve nynorsken mista sin heim

Kunnskapsdepartementet er asfalten nynorske løvetannbarn må sprenge seg gjennom. Alle norske elevar har lenge hatt rett til læremiddel på eige språk, men tida der eit...

Velkommen til landsting og 30-årsjubileum for LNK!

Me har gleda av å invitera dykk til landsting, årsmøte og 30-årsjubileum i Landssamanslutninga av nynorskkommunar. I år vert landstinget halde på Quality Sogndal...

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...