Heim Nyhende Makt og mangfald på Dei nynorske festspela

Makt og mangfald på Dei nynorske festspela

Festspeldiktar Agnes Ravatn får selskap av mellom andre Linda Eide, Einar Økland, Helene Bøksle og Jon Hustad under Dei nynorske festspela.

 

 

Makt blir tema for Dei nynorske festspela 26. – 29. juni 2014.

– Det er inspirert av Grunnlova og vi stiller ein del spørsmål og ønskjer å opne opp for nye tankar som publikum kan ta med seg vidare, seier programansvarleg Karine Munch i Ivar Aasen-tunet. Sjølve grunnlovsjubileet viser godt igjen i programmet. Bjørn Kvalsvik Nicolaysen vil snakke om Ivar Aasen og hans forhold til Grunnlova i årets minneforedrag. Linda Eide har samla 200 års historie på to timar, slik berre ho kan gjere det, og Lurivar presenterer Grunnlova på sitt kattevis til dei yngste.

Daglege høgdepunkt i Uteamfiet
Uteamfiet i Aasen-tunet blir også i år arena for konsertar kvar kveld. Brørne Aasmund og Odd Nordstoga gir publikum ei unik musikalsk oppleving torsdag, Helene Bøksle held konsert fredag og Kråkesølv rockar laurdag. Under Aasen-stemnet i år blir det nykomponert musikk av Odd Johan Overøye til tekstar av Arnfinn Haram i framsyninga «I førsommarens fang».

Samtalar og foredrag som kryssar språkgrenser
Fribyforfattar Mansur Rajih måtte flykte frå Jemen på grunn av innhaldet i tekstane sine og kjem til Festspela for å fortelje historia si i samtale med Brit Bildøen. Språkforskar og forfattar Nicholas Ostler frå Foundation of Endangered Languages gir publikum eit internasjonalt perspektiv på språk i foredraget «The power of languages».

– Med grunnlovsjubileet som bakteppe, vil vi setje søkelys på samanhengen mellom språk og demokrati, både gjennom samtalar, foredrag og ei eiga temautstilling med tittelen Makta i språket, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet i ei pressemelding.

Det blir fleire debattar og litterære samtalar, der ulike synspunkt og vinklingar blir drøfta i tillegg til sjølve tekstane. Festspeldiktar Agnes Ravatn, Einar Økland, Marta Norheim, Jon Hellesnes og Gunnhild Øyehaug er berre nokre av dei som vil setje lys på ulike sjangrar og tema.

Digital avrusing
Årets festspeldiktar Agnes Ravatn har inspirert arrangøren på fleire måtar. Forfattarskapen har inspirert Festspela til to nye arenaer i år. Det blir eit litterært hagekurs i ein hage i Ørsta med festspeldiktaren og Rønnaug Kleiva. Du som er avhengig av sosiale medium kan vere med festspeldiktaren sjølv ein tur til Høgetua bak Aasen-tunet for
avrusing. Tre dansarar, leia av Solveig Styve Holte, har late seg inspirere av festspeldiktaren og hennar bøker til å lage ei eiga danseframsyning, tingingsverket «Endevendinga».

Prøysen til borna
Dei yngste kan gle seg til Prøysenhusbandet og framsyninga «På bærtur med Nøtteliten» i Uteamfiet, i tillegg til Lurivar. Nytt av året er eit arrangement i samarbeid med Ørsta folkebibliotek og tre forlag, der det blir både gode barnebøker og konkurransar med premiar.

– På Festspela kan du oppleve over førti arrangement på fire dagar med noko for ein kvar smak, avsluttar Karine Munch, som rår publikum til å tinge billettar på førehand for å vere sikra plass. Festspela blir arrangert 26.–29. juni i Ivar Aasen-tunet og på ulike stader i Ørsta og Volda sentrum.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Ingvild Bryn får nynorskprisen for journalistar

Ingvild Bryn er for mange sjølve nynorskrøysta. Etter ei særs variert karriere i NRK kan ho no også smykke seg med tittelen som vinnar...

Lærarutdanningane må ta språkansvar

Lærarutdanningane skal utdanne lærarar for heile landet, og då må alle lærarstudentar, uavhengig av fag, rustast til å vere lærarar i nynorske klasserom. Lærarutdanningane er...

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...