Heim Nyhende Solberg grilla om kommunestruktur

Solberg grilla om kommunestruktur

Tvang er ikkje løysinga for å få kommunar til å slå seg saman, meiner statsminister Erna Solberg (H). På spørsmål frå Senterpartiet opnar ho likevel for tvang i enkelte tilfelle.

Kommunestrukturen blei teken opp av Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum i Stortingets spørjetime onsdag.

Regjeringa ønskjer større einingar, men argumentasjonen held ikkje, blant anna fordi undersøkingar viser at kvaliteten på tenestene er betre i små enn i store kommunar, sa Vedum.

– Eg har forstått at svaret til Høgre uansett problem er kommunesamanslåing, sa Vedum.

Han viste til at Jan Tore Sanner (H) i Stortinget 5. mars opna for å bruke tvang og ville vite om kommunalministeren er på linje med regjeringa i denne saka.

Solberg kjente seg ikkje igjen i skildringa av utsegna til Sanner. Ho svarde at det er logisk at det i mange små kommunar nesten ikkje er mogleg å ha den breidda og kompetansen som er nødvendig for å gi eit fagleg godt tilbod til innbyggjarane.

– Svaret vårt er ikkje større einingar, men å sette tydelege krav til kvaliteten som skal leverast, sa Solberg.

– Det er ikkje tvang som er løysinga, men å ta det politiske ansvaret breitt i Noreg, la ho til.

Ho understreka at utgangspunktet for regjeringa er fri vilje, med ei avgrensa tvangsmoglegheit for Stortinget i enkelte tilfelle – dersom folkeviljen lokalt støttar det. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...