Rogaland mållag har gitt målprisen sin for 2009 til artist Rita Eriksen og forfattar Nils Henrik Smith.
Prisane vart delte ut under årsmøtet i Stavanger i helga.
Rita Eriksen har gått vekk frå engelsk, og syng no på Sola-dialekt og nynorsk. Nils Henrik Smith frå Bryne får målprisen for sin tøffe og moderne nynorsk i romanane «Manhattan Skyline» og «Austerrike». (©NPK).