Heim Nyhende Målprisen til Jon Fosse

Målprisen til Jon Fosse

 

Jon Fosse får Målprisen 2012 frå Noregs Mållag. – Han tek oss med inn i eit univers som gjev klangbotn over heile verda, heiter det i grunngjevinga.

 

I grunngjevinga blir Fosse omtalt som ei nynorsk verdsstjerne, og ein forfattar som er kjend for ein bestemt rytme og minimalisme der alt overflødig er skrella vekk og ein står attende med orda. Juryen legg vekt på at det kanskje er den reinskorne stilen som gjer at han i dag vert spelt på teater over heile verda.

Jon Fosse blir rekna som ein av vår tids viktigaste norske forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp meir enn 700 gonger over heile verda. Fosse har motteke ei uendeleg rekkje prisar både i inn- og utland, og er av kritikarar blitt omtalt som det 21. hundreårets Beckett.

Fosse kjem frå Strandebarm. Han debuterte som skjønnlitterær forfattar med romanen Raudt, svart i 1983, og seinare kom det fleire romanar, diktsamlingar og etter kvart barnebøker og ei essaysamling. Fosse debuterte som dramatikar med stykket Og aldri skal vi skiljast i 1993, og har med skodespel som Nokon kjem til å komme (1996), Ein sommars dag (1998), Draum om hausten (1999) og Eg er vinden (2008) oppnådd ein internasjonal suksess som manglar sidestykke i norsk samtidslitteratur.

Fosse er stolt over å vere nynorsking, han har  sete som styremedlem i Nynorsk kultursentrum og har tidlegare uttalt:

”Kvifor skal eg argumentere for at språket mitt og til nokre hundre tusen andre skal få lov til å eksistere? Det er jo språket mitt, det eg kanskje er mest knytt til her i livet. Eg er veldig glad i språket mitt. Eg opplever det nedverdigande å skulle måtte argumentere for det?”

Jon Fosse har også fått æra av å flytte inn i Statens æresbustad Grotten, som no må me heite Grotta. Sjølv var han usikker på om han skulle takke ja, men meinte det var symbolsk viktig, og ikkje minst viktig for nynorsken, skriv Noregs Mållag. Fosse er også kommandør av St. Olavs orden.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...