– Norsk Målungdom er glad for at vi har blitt lytta til i sidemålsspørsmålet, seier leiar Vebjørn Sture om regjeringserklæringa.
Målungdommen er glad for at Høgre og Frp går inn for å styrkja norskfaget og gjera opplæringa i sidemål betre i staden for å fjerna henne.
– Vi er nøgde med at den nye regjeringa har prioritert meir kunnskap i skulen framfor gamle kjepphestar, seier Sture i ei pressemelding.
I regjeringserklæringa heiter det mellom anna at regjeringa vil vurdera å setja ned eit utval som skal styrkja norskfaget og gjera sidemålsundervisninga meir engasjerande.
Vidare heiter det at regjeringa vil støtta opp under begge målformene som hovudmål. Dei to regjeringspartia vil likevel uthola mållova ved å erstatta retten folk har i dag til å få svar på eiga målform, med at tilsette i staten og språknøytrale kommunar skal ha rett til å bruka si eiga målform.
Leiaren i Norsk Målungdom er likevel ikkje redd for at den nye regjeringa får gjennomslag for dette.
– Høgre og Frp er dei einaste partia som har gått til val på å svekkja den språklege likestillinga i statstenesta. Stortingsfleirtalet som trengst for å gjennomføra det, eksisterer ikkje, slår Sture fast. (©NPK)