Heim Nyhende – Skrur klokka 150 år tilbake

– Skrur klokka 150 år tilbake

– På nokre kritiske punkt er regjeringserklæringa meir nynorskvenleg enn venta, men dei vil oppløyse lov om målbruk i offentleg teneste. Eit så umoderne tiltak skrur klokka 150 år tilbake i språkpolitikken, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

 

– Derimot er det positivt at regjeringspartia vil føre vidare opplæringa i nynorsk for bokmålsbrukarar, sjølv om begge partia seier det motsette i valprogramma sine.

I regjeringserklæringa går Høgre og Fremskrittspartiet inn for å utgreie tiltak som kan forbetre opplæringa i nynorsk for bokmålsbrukarar.

– Begge partia har programfesta det dei kallar valfritt sidemål, men med denne erklæringa er den saka lagd død i nye fire år, seier Grepstad i ei pressemelding.

– Dei veit kva Kristeleg Folkeparti og Venstre meiner, men her har nok også solide miljø i partia gjort godt arbeid.

Les også: – Positivt at dei held på sidemålet

Vil vrake mållova

Direktøren i Nynorsk kultursentrum er positiv til at regjeringa vil utgreie opplæringa i nynorsk.

– Ein sakleg og konstruktiv debatt om dette er vi gjerne med på, så sant grunnleggjande krav om språklege rettar og språkpolitiske prinsipp for jamstilling står fast.

Regjeringspartia vil endre lov om målbruk i offentleg teneste slik at alle tilsette i staten sjølve avgjer om dei vil skrive nynorsk eller bokmål. Fremjar regjeringa ei slik lovendring, reknar Grepstad med at eit breitt stortingsfleirtal vil avvise framlegget.

Les også: Held på sidemålet, vrakar mållova

– Det er eit sunt og demokratisk prinsipp at folkevalde organ avgjer kva offentleg tilsette skal gjere. Offentleg tilsette arbeider på vegner av oss alle og skal ikkje vere privatpraktiserande byråkratar, seier Grepstad. – Grunnregelen i mållova innførte Danmark alt i 1850-åra i grenseområdet mot Tyskland og har vore norsk politikk i nesten 100 år. Regjeringspartia gjekk til val på nye idear, men hentar her fram ein forelda idé frå tidleg 1800-tal, seier Ottar Grepstad.


Betre nynorskopplæring for innvandrarar

Regjeringspartia har forplikta seg til å styrkje både nynorsk og bokmål. Det meiner direktøren i Nynorsk kultursentrum må vise att også i innvandringspolitikken.
– Innvandrarar og flyktningar som buset seg i nynorskprega område, får eit dårlegare integreringstilbod enn dei som kjem til bokmålsområde. Når regjeringa er så oppteken av integrering, må dei sanneleg også sikre eit godt opplæringstilbod i nynorsk for dei mange nye innbyggjarane i landet, seier Grepstad.
Dette var eit av 21 punkt i den hundreårserklæringa om nynorskpolitikk som Nynorsk kultursentrum og Noregs Mållag la fram på 200-årsdagen for Ivar Aasen i august.


– Språkpolitikken må sjå lenger enn til språket

Rammevilkåra for bruk av nynorsk kan det neste tiåret bli meir påverka av folkeflytting og sentralisering enn av språk- og utdanningspolitiske tiltak, meiner Grepstad.

– Der bruken av nynorsk står sterkt, er det få som vel bort dette språket. Når folkeveksten stort sett kjem i område med lite bruk av nynorsk, blir det også relativt færre nynorskbrukarar i skulen. Nynorsk er faktisk blant dei hundre mest robuste språka i verda, og det ser ut til at jamt fleire i nærings- og arbeidsliv bruker nynorsk, seier Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...