Heim Nyhende Mårenbiennalen for fjerde gong

Mårenbiennalen for fjerde gong

Kulturarbeidar og poet Ivar Orvedal arrangerer annakvart år ein musisk biennale i Måren, som er ei veglaus bygd i Høyanger med fem fastbuande.

Ivar Orvedal er i desse dagar i gang med å planleggje biennalen for 2011, den fjerde i rekka. Han fortel at ideen om ein biennale, altså ein festival som blir halde kvart anna år, opphavleg sprang ut frå ein annan visjon, nemleg å gjere småbruket hans og skulehuset i Måren om til kulturhage og kulturhus; «Kulturhagen i Måren». I 2001 bestemte Ivar Orvedal og musikar Karl Seglem seg for å skipe til eit kulturarrangement for interimsstyret for kulturhagen, og det vart ein slags uoffisiell biennale.

To år seinare syntest Seglem og Orvedal det var på tide å gjere det til ei open hending, og den første offisielle Måren-biennalen vart opna sommaren 2003 av Einar Førde. Sidan då har det blitt to biennalar til, så eit opphald i 2009, og no er Ivar Orvedal i gang med å søkje støtte for å sjå om det blir råd til å arrangere biennale til sommaren.

Alternativt

Førebels har ikkje Orvedal programmet klart, men han har ein visjon og ei meining om at kyrkja og kyrkjerommet skal få spele ei tematisk rolle, og eit ønskje om samarbeid med kyrkjene i kommunen. Arrangementet har alltid vore meir alternativt enn kommersielt, med musikk, litteratur og biletkunst i sentrum, fortel Orvedal, som også sjølv er poet. Kjende namn som trekk eit stort publikum, er ikkje noko poeng for Orvedal, sjølv om han hadde Knut Nærum som gjest eit år temaet for biennalen var teikneseriar.

– Vi vel kvalitet i staden for plakatnamn, seier Orvedal. – Hjå oss får publikum alt frå afrikansk folkemusikk til undergrunnsmusikk.

Og publikum likar det dei får. Orvedal fortel om tilbakemeldingar frå gjester som har fått kunstopplevingar dei ikkje er vane med, men som dei har sett stor pris på.

Teltliv

Biennalen har alle åra fått støtte frå fylke, kommune, næringsliv, Kulturrådet og andre statlege organisasjonar. I år ønskjer biennalen dessutan å samarbeide med andre kulturkrefter i og rundt Høyanger kommune for å få eit større publikum og større artistar. På det meste har biennalen hatt heile 50 utøvarar, men det meiner Orvedal nesten blir for stort.

Festivalområdet der biennalen finn stad, har sine avgrensingar, men Orvedal er ikkje redd for at det skal hindre folk i å kome. Skulehuset har plass til 10 elevar, men det er mogleg å få plass til 40 tilskodarar der. Og campingplass for teltturistar finst i nærleiken, det einaste overnattingstilbodet utanom private hus.

– Vi har ikkje hatt noko eige system for å telje kor mange gjester vi har ei slik helg, men ut frå billettinntektene har vi rekna oss fram til omlag 100 gjester kvar dag som kjem til Måren.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...