Heim Nyhende Ekstra innsats for jobb

Ekstra innsats for jobb

Eitt år etter konkursen i 2009 var 93 tidlegare Fundo-tilsette framleis utan jobb. Det kalla på ekstratiltak.

– Våren 2009 såg vi at det var liten bevegelse i massen av arbeidslause, altså at det var dei same som var arbeidslause då, som året før. Vi visste òg at viss ingenting skjedde, ville desse miste dagpengane sine etter ytterlegare eitt år. Vi var tvungne til å tenkje nytt.

 

Slik vart prosjektet «Nye vegar» til, forklarar prosjektleiar Liv Anne Breidablik, og ho seier det låg eit tydleg krav frå styringsgruppa, som består av rådmannen og direktøren i NAV, om at ting måtte gjerast på ein annan måte enn ved tradisjonelle sysselsetjingstiltak.

Samarbeid

Prosjektet vart etablert 9. juni i fjor som eit samarbeid mellom Høyanger kommune og NAV, med økonomisk tilskot frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Det vart heilt bevisst lokalisert utanfor NAV-kontoret, og det fekk eige kontor, eigen prosjektleiar og eit eige budsjett. Målgruppa var personar med mindre enn eitt år igjen på dagpengar.

«Nye vegar» skulle bli ein møteplass kor dei langtidsledige kunne kome for å få individuell oppfølging og tilpassa hjelp.

– Somme av dei byrja gjerne på fabrikken i ung alder og har aldri jobba nokon annan plass. Då har ein aldri søkt på jobb før, og ein treng hjelp til skriving av søknad og til jobbintervju, seier Breidablik.

«Likemenn»

Samstundes som at kvar einskild skulle få tilrettelagd hjelp, har det vore viktig å gjere ting i grupper og å spele på fleire strengar. Mellom anna vart to av dei langtidsledige tilsette i prosjektet for at prosjektet skulle kunne gjere seg nytte av kompetansen deira som, nettopp, langtidsledige.

– Vi kan systemet, søkjeprosessane og kjenner arbeidsmarknaden, men desse to hadde ein kjennskap til det å vere ledige som vi ikkje har.

Dei to «likemennene» var inne i prosjektet i arbeidspraksis ei stund, men har no fått seg anna arbeid.

Fleire i jobb

Og sakte, men sikkert har fleire kome seg i arbeid. I april i fjor var det 4 i denne gruppa som hadde full jobb, 19 hadde delvis jobb, og 79 hadde ikkje jobb. Rett før jul i fjor viste tala at 23 hadde full jobb, 23 delvis jobb, og 42 hadde ingen jobb. Totaltala varierer litt, då somme har falle ut av gruppa av naturlege årsaker, som svangerskap og liknande.

Å skaffe alle desse jobb har ikkje vore ei enkel oppgåve i ein kommune med jobbtørke, seier prosjektleiaren.

– Vi har følgt med på anbod som blir lagde ut, nytta kjenningar og nettverk, og til og med køyrt arbeidssøkjarar rundt i fylket for å vise dei fram på ein arbeidsplass.

Ein tett kontakt med dei arbeidsgjevarane som finst, både notidige og framtidige, har vore naudsynt.

Høge ambisjonar

Dei arbeidssøkjande i gruppa deler seg aldersmessig i to like delar, halvparten frå 40 år og ned, halvparten frå 40 og opp. Det er mange unge i gruppa samanlikna med den gjennomsnittlege massen av arbeidsledige, seier Breidablik, og for prosjektet er desse ei prioritert gruppe å få ut i jobb att.

– Då prosjektet starta i fjor, sette styringsgruppa som mål at 50 personar av denne gruppa skal vere i jobb eller i aktivitet før dagpengeperioden er over, og det vart kalla høge ambisjonar. Det målet trur eg at vi når, seier Liv Anne Breidablik.

– Men sjølv om jobb er viktigast, må vi òg sjå på om det er folk i denne gruppa som har krav på andre ytingar. Eg trur ikkje det er realistisk at alle i gruppa kjem seg ut i jobb att på kort sikt.

Held fram

Prosjektleiaren trur «Nye vegar» har vore med på å snu haldningane til langtidsledige i Høyanger.

– No håper vi at prosjektet kan brukast som mal for arbeid med langtidsledige i andre kommunar også, seier Breidablik.

Dagpengeperioden nærmar seg slutten for somme av dei arbeidsledige, og for dei fleste går den ut i løpet av første halvår i 2011. Prosjektet «Nye Vegar» har no søkt Fylkesmannen om nye midlar for 2011, og kommunen og NAV er innstilte på å halde fram med prosjektet dette året.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...