Heim Nyhende Framleis utan jobb

Framleis utan jobb


Kent Johnny Jansson (42) hadde jobba i støyperiet på Fundo Wheels i 17 år då han mista jobben for to år sidan. Enno har han ikkje noko fast i sikte, men han håper på betre tider.

– Eg har hatt nokre jobbar her og der etter Fundo. Eg var seks veker på eit slakteri, ei veke på ein jobb på Stord og slike ting. Men ikkje noko fast, seier han.

Kent Johnny Jansson kom til Høyanger frå Charlottenberg i Sverige i 1993. Då hadde han allereie jobba nokre år på eit støyperi i Sverige, som også var eigd av Fundo. Nokon annan jobb har han aldri hatt.

Å gå ut av fabrikken siste dagen i februar 2009 kjendest merkeleg, seier han. Nesten som eit sjokk, sjølv om dei tilsette hadde visst lenge at det kom til å gå den vegen.

– Eg trudde i det lengste at det skulle gå bra, at vi skulle berge fabrikken. Vi hadde jo vore ute i hardt vêr før, seier han.

350 ut dørene

Men dei gode tidene, med fast inntekt og ein jobb å gå til, tok slutt, og ei heil bygd fekk merke at ei hjørnesteinsbedrift la ned. 350 tilsette mista jobben sin, 290 av dei registrerte seg som arbeidssøkjande etterpå.

Mange av desse fekk no økonomiske problem, og kommunen hadde tilbod om gjeldsrådgjeving i tida etter konkursen. Sjølv kan ikkje Jansson minnast at han fekk tilbod om slik rådgjeving, men han har greidd seg økonomisk på eit vis, seier han.

– Eg har hovudet over vatnet, eg skal ikkje klage. Eg ville nok flytta tilbake til Sverige hadde det ikkje vore for at eg hadde kjøpt meg hus i Høyanger. Og utan sambuaren min hadde eg ikkje greidd å sitje med huset, seier Jansson. – Eg veit at det er mange som slit, men dei vil ikkje snakke om det.

– Korleis var oppfølginga frå det offentlege i tida etter konkursen?

– Først fekk vi kontakt med eit kriseteam, så hadde kommunen møte på samfunnshuset éin gong i veka ei tid, kor dei informerte om kva som vart gjort for oss. Etter det tok NAV over, og i fjor starta vi med prosjektet «Nye vegar».

God hjelp i NAV-prosjekt

Jansson meiner «Nye vegar» burde kome i gong på eit tidlegare tidspunkt, det er eit prosjekt som har gitt han noko. Her får han treffe andre tidlegare Fundo-tilsette som er i nett same situasjon som han sjølv, han får tilgang til telefon og pc og høve til å finne og søkje på arbeid. Betre enn å treffast på kafé, seier han.

No er det gått nesten to år sidan han mista jobben, og i den perioden har han søkt på ei rekkje jobbar. Som regel kjem han ikkje vidare enn til ei liste og ein arbeidsgjevar han ikkje høyrer meir frå. Å gå arbeidsledig lenge går på psyken laus, seier han, men han håpar det losnar i løpet av våren. Han er sikra dagpengar til over sommaren, så han har enno eit halvt år på seg.

Vil helst bli

I desse dagar har Saint Jean Industries, som opnar den nye felgfabrikken, byrja å lyse etter folk, og sjølv om Jansson ikkje er trygg på at han er den personen som trengst, så kjem han til å søkje jobb der.

– Kva jobb kunne du tenkje deg?

– Det veit eg ikkje. Kva som helst, nett no. Eg har søkt jobb på Svalbard ein gong òg.

– Er du villig til å flytte for å få deg ein jobb?

– Eg er førebudd på å måtte flytte, men aller helst vil eg bli buande. Då eg flytta hit til Høyanger, sa eg at eg kom til å flytte heim til Sverige viss eg fann noko betre der. Men det fann eg aldri, så eg er her enno.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...