Heim Nyhende Medlemsrekord i LNK

Medlemsrekord i LNK

LNK har no 121 medlemmer, noko som er medlemsrekord. No sist var det Osterøy og Austrheim kommune som meldte seg inn igjen i organisasjonen.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) er ei samanslutning av kommunar, fylkeskommunar og interkommunale tiltak, som har som føremål å fremje nynorsk språk og kultur i offentleg verksemd.

– Det er bra for oss som nynorskkommune å vere tilslutta ein slik organisasjon. Ein motivasjon for å melde seg inn igjen var også at me ville styrke bibliotekprosjektet i Nordhordland; Nye tider – ny norsk, seier rådmann i Austrheim kommune, Jan Olav Olsen.

Prosjektet er utvikla av LNK som eit pilotprosjekt og har som mål å gjere dei tilsette ved biblioteka betre rusta til å formidle den nynorske litteraturen.

Godt nøgd
– Eg er svært godt nøgd med at vi får nye medlemer, og at svært få av dei gamle vurderer å melde seg ut, seier styreleiar i LNK, Jan Magne Dahle.

Han legg vekt på at det er viktig å halde kontakten med medlemmene. Både via kanalar som LNK-avisa og lnk.no, men også via personleg kontakt.

– Styret meiner det er viktig med personleg oppfølging og kontakt med medlemene. Difor prøver vi å få til nokre reiserundar med besøk hos medlemer eller potensielle medlemer. I slutten av mai besøkte styreleiaren og dagleg leiar Voss, Austrheim, Vaksdal, Odda, Stord og Fitjar kommunar, og vi kombinerte dette med å vere til stades på eit styringsgruppemøte i Diktarvegen leia av styremedlem i LNK og ordførar i Ullensvang herad, Solfrid Borge. Vi vurderer reiserunden som positv og vellukka.   Til hausten planlegg vi ein tilsvarande reiserunde aust om Langfjella, og vi håpar å få med oss styremedlem i LNK og ordførar i Vågå kommune, Rune Øygard på denne turen.

Viktig med kontakt
– Gjennom dialog og personleg kontakt vil vi både informere om arbeidet i organisasjonen, om oppfølginga av arbeidsprogrammet og få tilbakemeldingar og kunnskap frå medlemene om kva for nye utfordringar LNK bør ta på seg i framtida.   LNK har etter styret sitt syn ein heller låg medlemskontingent, og vi meiner han bør vere låg fordi økonomiske argument ikkje skal vere avgjerande for medlemsskap. Det siste året har vi fått auka statleg tilskot, og vi tek det som eit teikn på at vi driv godt på mange område, seier Dahle.

Jan Magne Dahle legg også vekt på at organisasjonen arbeider med saker i skjeringspunktet mellom språk, identitet, kultur og næringsutvikling.

– Vi vil gjerne ha endå fleire medlemer, og vi gler oss til hausten og nye reiser. Vi gler oss også til lanseringa av den nye nettstaden, framtida.no, som har ungdom og kulturstoff som hovudmålgruppe og interesseområde og som skal redigerast på nynorsk. Nettstaden er eit samarbeidstiltak mellom ABC Startsiden, LNK og ei rekkje lokalaviser. Styret i LNK meiner det er umåteleg viktig at det nynorske språket blir synleg og brukt blant ungdom på nett.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...