Heim Nyhende Meiner ny vurderingsform vil svekke sidemålet

Meiner ny vurderingsform vil svekke sidemålet

Leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård, meiner Utdanningsdirektoratet sitt forslag til ny vurderingsordning i norskfaget vil svekke sidemålet. 

– Ingen av dei nye vurderingsordningane som Utdanningsdirektoratet har sendt ut på høyring, har eigen karakter i sidemål i ungdomsskulen, og alle ordningane har bytt ut standpunktkarakteren til fordel for ein eksamenskarakter, skriv Noregs Mållag i ei pressemelding. 

Noregs Mållag har no gått gjennom revisjonen og framlegget til nye vurderingsordningar. 

– For Noregs Mållag er det å oppretthalde statusen og undervisninga i sidemål viktig. Undersøkingar syner at alle reduksjonar i krav eller fjerning av vurdering i sidemål fører til lågare sidemålskompetanse. Difor er Noregs Mållag skeptisk til ei ordning utan vurdering og karakter i sidemål; det vil vere ei klår svekking av sidemålsopplæringa. 

– Likeins er Mållaget skeptisk til ordningar som fjernar standpunktkarakterar til fordel for eksamenskarakter. Dei positive konsekvensane av standpunktkarakter er ei breiare prøving av kompetansemåla i læreplanen enn ein eksamenskarakter gjev. Standpunkt og eksamen har heilt ulike funksjonar, og å fjerne den eine til fordel for den andre vil svekkje prøvinga og dermed òg statusen og plassen til sidemålsundervisninga i norskfaget.

Les heile høyringssvaret frå Noregs Mållag her. 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...