– Me er heilt avhengige av at språkopplæringa og integrering går hand i hand, seier påtroppande leiar Janne Nygård i Norsk Målungdom.
Kunnskapsdepartementet slår no fast at ein må bruke meir nynorsk og dialekt i norskopplæringa for minioritetsspråklege. Noko Nygård gler seg over.
– Eg er glad for at Kunnskapsdepartementet har innsett at nynorske læremiddel er naudsynte for vellukka språkopplæring i nynorskområde. Når innvandrarar som bur i eit lokalsamfunn som brukar nynorsk, lærer bokmål på skulen, forsterkar dette det språklege skiljet mellom innvandrarane og resten av befolkninga på staden, seier Nygård i ei pressemelding.
I dag finst det berre éi lærebok på nynorsk for minoritetsspråklege, og i mange nynorskkommunar blir norskopplæringa gitt på bokmål.
– Integrering handlar om å vere ein del av lokalsamfunnet. Då må innvandrarar mellom anna vere i stand til å hjelpe borna sine med leksene, seier Nygård. Me er heilt avhengige av at språkopplæring og integrering må gå hand i hand.