Heim Nyhende Melsomprisen til Gunstein Bakke

Melsomprisen til Gunstein Bakke

Forfattar Gunstein Bakke har fått Melsomprisen 2011 for boka  Maud og Aud. Ein roman om trafikk (2011)

Ola E. Bø, Hilde Sandvik og Brit Bildøen har vore jury for prisen, og i deira grunngjevinga for tildelinga heiter det: 

“Melsomprisvinnaren 2011 tar lesaren med inn på velkjente, men òg uoversiktlige vegar. For her er vegen ikkje berre målet, men òg sjølve åstaden. Vegen er romanens estetikk. Vegen er romanens språk, med bratte kurver, uventa dumpar, mørke avstikkarar. Gunstein Bakkes roman ”Maud og Aud” har undertittelen: ”Ein roman om trafikk”. (…)

Romanen er også eit forviklingsdrama, ei gåte. Og den er mykje meir. Romanen er eit treffpunkt. Mellom kjøtet og teknologien. Teknologien og naturen. Naturen og det groteske. Det groteske og det vakre. Og gjennom alle desse møta flyt språket, ragar språket, briljerer språket, utfordrar språket vår førestellingsevne. Gunstein Bakke skriv med ein sjeldan språkleg presisjon. Kvar setning er som ein boksopnar som flerrar opp nye felt. (…)

Å lese ”Maud og Aud” er ei svimlande reise som kan gjere ein både oppstemt og skrekkslagen. Denne reisa er verdt ein pris. Prisvinnaren utfordrar refleksjonsevna. Det er berre å halde godt i rattet!”

Den 44 år gamle forfattaren Gunstein Bakke debuterte i 2000, han har gitt ut tre romanar og ei diktsamling. Den tredje romanen, Maud og Aud. Ein roman om trafikk (2011), vart nominert til Brageprisen, P2-lytternes romanpris, årets beste nynorskbok i avisa Dag og Tid og Sørlandets litteraturpris, og no har Bakke altså fått Melsomprisen for denne. 

Melsomprisen er på 40 000 kroner og vert delt ut kvart år til ein forfattar eller omsetjar som i året før har gitt ut ei bok som «efter sitt innhold kan egne sig til folkelæsning og masseutbredelse», slik det heiter i føremålet til prisen. Prisen for 2011 vart delt ut av forlagsdirektør Edmund Austigard i Det Norske Samlaget under opninga av Litteratursymposiet i Odda denne veka. Det er Det Norske Samlaget som styrer prisen. 

Tidlegare vinnarar av prisen er m.a. Jon Fosse, Maria Parr og Edvard Hoem.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...