Heim Nyhende Navarar leverte årets ord

Navarar leverte årets ord

Å drive dank på statens rekning – å nave – imponerte språkekspertisen såpass at verbet blei kåra til årets ord. Teknologi og kosthald er som vanleg også å finne på topp-ti-lista over gode nyord.

 

Å nave blei første gong funne i mediearkivet til Retriever i mars 2012, fortel seniorrådgivar Ole Kristian Våge i Språkrådet. Han har i samarbeid med nyordsforskar ved Norges Handelshøyskole, Gisle Andersen, stått for den høgtidelege kåringa, som skal vere ein godt gøymt løyndom fram til offentleggjeringa.

Våge er temmeleg sikker på at nave og naving er gode norske ord som vil stå seg og slå rot.

– Mange hugsar nok debatten om skuleungdom som tek seg eit friår som er dekt av støtte frå Nav. I debatten om haldningane til velferdsordningane våre i år spelte dette nyordet ei viktig rolle. Ikkje berre blei naving brukt blant ungdommar, men også i nyheitsartiklar, kronikkar og til og med i spørjetimen i Stortinget, påpeikar Våge.

Grovkarbo
Han syns ordet er spennande og kreativt, ikkje minst fordi det er tilpassa norsk orddanningsmønster. Både verb og substantiv er det blitt til. Men betydninga er førebels litt vag.

– Opphavleg blei vel nyordet brukt på ein person, gjerne ungdom, som hevar trygd for å ta friår. Men så byrjar uttrykket å leve sitt eige liv, og meininga kjem etter kvart, ho kan gjerne forandre seg, utdjupar han. Frå gammalt av har nave vore eit norsk ord, men med betydninga å lafte.

Frå lågkarboen i fjor har kosthaldsvarianten i år utvikla seg til grovkarbo, som handlar om inntak av grove kornprodukt i tillegg til grønsaker og frukt.

Smart nok
På teknologifronten har forleddet smart- funne ein ny partnar, nemleg -skule. Smartskulen er ikkje ein skule for dei mest intelligente, men ein skule prega av høgteknologiske, digitale løysingar.

– Strøymeteneste er på full fart inn i det norske språket. Før gjaldt ordet først og fremst musikk og radio, men no er det også vanlegare med strøyming av filmar og seriar. Derfor dukkar ordet strøymeteneste stadig opp, seier Våge.

Likt i andre språk
At språka i verda ikkje utviklar seg isolert, ser ein tydeleg ved å studere danninga av nyord. Mange av dei same fester seg, i tillegg til dei som er heilt lokale. Både engelsk og fransk har til dømes teke til seg «troll» i den moderne betydninga: om anonyme deltakarar som øydelegg debattar med sinte og hatske innlegg på ulike nettfora. Magasinet Le Figaro har kåra det gamle nordiske ordet til eitt av hundre nyord i 2012. Både «likar» og «pokar» er blitt franske verb med opphav i vokabularet på Facebook. Det same har skjedd med «tweetar» og «retweetar».

Det svenske Språkrådet <http://www.sprakradet.se/14051> kårar kvar månad eit nyord, og eitt av orda i år er drinkoreksi, som også er i bruk her i landet. Fenomenet inneber at ein et mindre både før og etter ein fest, slik at ein blir fortare full og legg mindre på seg.

Kome for å bli?
Ein rask kik i Norsk Aviskorpus, ein database med alle nyord frå fleire norske aviser, viser at skaparevna er stor blant norske skribentar. Dei fleste nyord er samansetjingar av gamle kjenningar, skapt for ei ny anledning, til dømes Giske-kjenning, vaffelbanditt, pelsdyrstopp og terrorpsykiater. Alle vekkjer minne om saker frå nyheitsbiletet i år. Det agrarliberale prinsippet til Ola Borten Moe var eit forsøk på ein ny politisk sjargong, mens barnebankkort nok blei skapt for å kapre dei yngste som bankkundar.

Kva ord som vil leve vidare, står igjen å sjå. Å nave stod på trykk i eit lesarinnlegg i avisa Nationen så seint som denne veka, og i eit intervju i Bergens Tidende sist søndag. Til saman får ordet 855 treff hos Retriever. Mykje tyder på at det er kome for å bli. (NPK)

 

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...