Heim Nyhende Får eigen barne- og ungdomspris

Får eigen barne- og ungdomspris

No er det bestemt at Nordisk råd skal ha ein eigen pris for barne- og ungdomslitteratur, og den første prisen blir delt ut i 2013.

Bjørn Ingvaldsen– Vi er veldig begeistra, og vi vil gjerne ta på oss litt av æra for at prisen har blitt ein realitet, seier ein fornøgd leiar Bjørn Ingvaldsen i Norske Barne- og Ungdomsforfattere (NBU). For det var etter fleire forslag og langvarig påtrykk frå forfattarorganisasjonen at dåverande kulturminister Anniken Huitfeldt tilegare i år fekk sine nordiske kollegaer med på å vurdere å opprette denne prisen.

– Vi har sett at dei andre nordiske kulturprisane er med på å skape både nordisk og internasjonal merksemd om nordisk kultur, og det skal vi utnytte også på barne- og ungdomsområdet, sa Huitfeldt den gongen om motivasjonen for å opprette ein Nordisk råds litteraturpris nummer to.

På høg tid

No i november vart det bestemt at prisen skal delast ut første gong i 2013, og Ingvaldsen har tru på at innføringa av ein sjølvstendig pris for barne- og ungdomsbokforfattarar gjer at denne litteraturen no blir teken meir på alvor.

– Vaksenbokprisen til Nordisk råd kan formelt sett gå til ein barne- og ungdomsforfattar, seier Ingvaldsen.

– Men det har aldri vore vurdert eller nominert ei barnebok og det er ingen jurymedlemer som har kompetanse innan barne- og ungdomslitteratur. Tida er overmoden for ein eigen pris, og vi er svært glade for at Huitfeldt delte vårt syn på saka og i første rekkje løyvde pengar og fekk sett i gang arbeidet med å utgreie prisen.

Meir frå nabolanda

Noko av det viktigaste med denne prisen er at den vil vere med og auke kjennskapen til litteraturen i dei nordiske nabolanda, meiner Ingvaldsen.

– Vi får mykje engelskspråkleg litteratur til omsetjing, og det kjem noko svensk og dansk.

– Men det finst knapt nokon nordmann som kjenner til finske barnebøker. Bortsett frå Mummidalen, då, men dei blir jo skrivne på svensk.

Han trur stoda er lik i dei andre nordiske landa, og NBU ser no fram til at ein skal få ei auka merksemd kring nabolands-litteraturen

Prestisjefylt

– Det å bli nominert til ein slik pris vil også vere med og gi forfattarane anerkjenning i heimlandet og skape blest om forfattarskapen. Vi håper at det blir like stor prestisje knytt til denne prisen som til vaksenprisen til Nordisk råd og til Brageprisen.

Ingvaldsen håper òg på mykje blest kring sjølve nominasjonsprosessen og sjølvsagt kring utdelinga. Så er det opp til kulturlivet å bruke prisvinnarane i ulike litterære samanhengar etterpå.

– Litteraturfestivalen på Lillehammer inviterer kvart år Almaprisvinnaren til festivalen sin. Kva med eit møte mellom dei to prisvinnarane, fabulerer han.

I pengepotten til prisen ligg det, i tillegg til sjølve prispengane, også midlar til omsetjing av nordisk litteratur til nabospråka og skirveopplæring for barn og unge.

Via tre ministrar

Nordisk råds barne- og ungdomspris blir uavhengig av vaksenprisen, og den blir delt ut på operaen i Oslo i oktober 2013.  Ifølgje Kulturdepartementet var det opphavleg Valgerd Svarstad Haugland som hadde ideen om ein slik pris først, før Huitfeldt var med og tok den vidare. Til slutt vart det noverande kulturminister Hadia Tajik som saman med sine nordiske kulturministerkollegaer som fekk klubbe vedtaket igjennom.

– Eg er glad for at Nordisk Råd har gått inn for å etablera ein eigen pris for barne- og ungdomslitteraturen. I 50 år har Nordisk råds litteraturpris bidrege til å gje merksemd til nordiske forfattarar, men han har aldri vore delt ut til ein barne- og ungdomsforfattar.

Barn og unge er minst like viktige lesarar som vaksne. Den nordiske barne- og ungdomslitteraturen held høg kvalitet. Prisen kan vera med på å lyfta han enda høgare, sa kulturministeren då vedtaket vart gjort kjend i november.


Nordisk råds litteraturpris:

Nordisk råd er eit parlamentarisk samarbeid mellom dei nordiske landa.

Rådet har 87 valde medlemer frå Danmark, Finland, Island, Norge, Sverige, Færøyene, Grønland og Åland.

Nordisk råd deler kvart år ut ein litteraturpris, ein musikkpris, ein filmpris, ein natur- og miljøpris, og no også ein litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur.

Alle prisane er på 350 000 danske kroner.

Kjelde: norden.org

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...